Logopeden arbeider både direkte med barn og unge, og indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule. Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, fastlege, barnehage, skule, helsestastjon og PPT.

Målgruppe

1.  Førskulebarn og elevar i grunnskulen med:

  • Språkvanskar (vanskar med omgrep ,setningsoppbygging eller grammatikk)
  • Uttalevanskar og fonologiske vanskar
  • Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
  • Stemmevanskar

2. Foreldre, barnehagar og skular (rådgjeving og førebyggande arbeid)

Logopedtenesta skal vera eit lågterskeltilbod. Ein kan ta direkte kontakt over telefon for å rådføra seg. Ein kan også tilvisa ved å nytta tilvisingsskjema. 

Les meir her om tiltak og tenester for logopedtenesta. 

Tilvisingsskjema finn du her. 

Ein kan også få tilvisingsskjema ved å venda seg til:

  • Fastlege
  • Barnehagar og skular 

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

  • Ved generelle spørsmål til logopediske område, kan ein gjerne ta kontakt med logoped eller fastlege for å rådføre seg. 
  • Dersom ein er uroleg for eit barn med spesifikke utfordringar knytt til språklydar, taleflyt eller stemme, kan ein avtale eit nettverksmøte der logopeden vert invitert inn saman med barnehage/skule og føresette. I enkelte tilfelle vil det få vera aktuelt at logopeden arbeider direkte med barnet etter eit slikt møte, og gir rettleiing til føresette og barnehage/skule i ein periode.
  • Dersom barnet har meir omfattande og vedvarande vanskar med spåket bør ein kontakta PP-tenesta og invitera til eit nettverksmøte saman med føresette og andre aktuelle samarbeidspartar. Dersom det etterkvart syner seg at barnet oppfyller retten til §5-1 i opplæringslova eller § 31 i barnehagelova, kan det ha rett på oppfølging av logoped over ein lengre periode og føresette/ skule/ barnehage kan ha rett på rettleiing. 

Tilvising til logoped

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)
Dersom barnet har forsenkra språkutvikling, utfordring med lydar og liknande kan ein får rettleiing hos PPT for ei eventuell tilvisning. 

HELFO
Dersom eit barn har behov for logopedhjelp for stamming, ein diagnose eller som ein del av behandling eller etterbehandling av sjukdom, skade eller lyte, vil ein kunne få dekka logopedhjelp via Helfo.

Føresette ordnar med tilvising frå lege/fastlege jf. Folketrygdelova §5-10.

§ 5-10.Behandling hos logoped og audiopedagog

Trygden yter stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos logoped og audiopedagog.

Det er et vilkår for rett til stønad at medlemmet er henvist fra lege. Behandlingen må være av vesentlig betydning for medlemmets sykdom og funksjonsevne.

Stønaden ytes etter fastsatte satser.

HELFO skal godkjenne søknad før behandlinga startar. 
Du finn meir informasjon om logopedhjelp på Helse Norge sine sider.