Landbruks- og miljøkontoret får inn fleire meldingar om planta landøyda og vil gje litt informasjon om arten.

Landøyda er ei fleirårig plante som er giftig for dyr og menneske. Den veks langs grøfter, vegar og skogkantar og i eng og beite. Landøyda er giftig både når den er fersk og tørka og det er difor viktig at den ikkje kjem på beite eller i eng. Pollen og nektar frå landøyda inneheld fleire giftstoff og kan difor vere problematisk for honningproduksjon òg. Planta spreiar seg og det er difor viktig å vere merksam på kva som kan gjerast. 

Enkeltplantar kan lukast vekk med hanskar og bli kasta i restavfall. Større førekomstar kan kuttast før frøsetting og hivast i restavfall. Sjå faktaark for meir informasjon:  Faktaark-landoyda-juni-2022-NLR-Rogaland.pdf

https://www.nibio.no/nyheter/landoyda--et-problem-som-faller-utenfor-regelverket

 

Foto: Aase R. Nøttveit