Fitjar er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke ca 1,5 time sør frå Bergen sentrum, og er ein øykommune som ligg vakkert til nord på øya Stord. Her vil du framleis finne eit urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og om lag 380 øyar, holmar og skjær. Øya har også flotte fjellandskap med mange merka turstiar.

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheitar. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar, gode buforhald, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling.

Fitjar kommune er godkjend utdanningsverksemd for legar, og kan tilby varierte og interessante oppgåver med moglegheit for fagleg utvikling.

Legesenteret er kommunalt drevet med 3 tilsette sjukepleiarar og 1 legesekretær, samt 6 legar og 1 LIS1. Som fastlege i Fitjar kommune deltek du i daglegevakt kvardagar frå klokka 08-15, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus. Du må her pårekna ca. 2-4 vakter i månaden.

Fitjar kommune søkjer etter

  • 1 spesialist i allmennmedisin til liste med 700 pasientar
  • 1 lege i spesialisering (ALIS) til liste med 600 pasientar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett
  • Spesialist i allmennmedisin eller er under spesialisering i allmennmedisin (ALIS)
  • Krav om fullført LIS1
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B, gjerne disponere eigen bil

Nokre av arbeidsoppgåvene som skal utførast

  • Allmennfaglege oppgåver og oppfølging av fastlegeliste, med krav om å følge fastlegeforskrift og helsepersonellova
  • Kommunal bistilling med andre allmennfaglege oppgåver, opptil 20% (sjukeheim og helsestasjon)
  • Legevakt i veldriven interkommunal legevakt, omlag 2-4 legevakter per månad
  • Legar under spesialisering fylg ALIS forlaup

Personlege eigenskapar

  • Har gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Har evner til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Er positiv, fleksibel, påliteleg, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø og god organisasjonskultur

Personlege eigenskapar vert særskilt vektlagt

Me tilbyr

  • Konkurransedyktig fastlønn med 20 % inntening av HELFO-oppgjeret eller næringsdrift med 8.2 -avtale etter eige ynskje
  • ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
  • Som fastlønna lege får du fri med lønn til naudsynte kurs
  • Næringsdrivande legar får dekka 60% av allmennlegeforeininga sitt praksiskompensasjon beløp for eigen sjukdom og sjukt born under 12 år inntil 10 dagar per år
  • Spanande arbeidskvardag med allsidig erfaringsbygging og kompetanse innan feltet allmennmedisin
  • Deltaking i jamleg internundervisning

Andre opplysingar

  • Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato
  • Ein må oppgje HPR-nr. i søknad

Synes du stillingane ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk her med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med etatssjef for helse, sosial og omsorg Anne Økland tlf. 909 86 971

Registrer søknad her: Ledig stilling - søknad - Fitjar kommune (skjema.no)

Søknadsfrist 23.05.2024