Du får 100 % fast stilling og vil gå inn i alle einingar innanfor helse, sosial og omsorg.

Tilsette i vikarpoolen er fast tilsett i kommunen, men arbeidsstaden vil variera etter behov i helse- og omsorgssektoren.

Aktuelle arbeidsplassar er m.a. institusjon, heimebaserte tenester og habilitering. Vikarpoolen skal dekkje kort- og langvarig fråvær, og så langt det lar seg gjera går ein inn i eksisterande turnusar.

Døme kan vere ved lange sjukemeldingar eller medan ein venter på ei tilsetting i vakante stillingar. Dei tilsette i vikarpoolen blir fordelt jamt til dei ulike avdelingane før planlegging av ferie og høgtid.

Me tilbyr:

Ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper. Triveleg arbeidsmiljø og gode kollegaer. Som fast vikar vil du få ulik og unik erfaring. Offentleg pensjonsordning KLP, god opplæring og støtte. Tidlegare erfaring frå denne type ordning viser at stillinga over tid gir gode moglegheita for overføring til andre faste stillingar om det er ynskjeleg.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Førarkort kl. B – manuell gir
  • God evne til samarbeid og kommunisere
  • Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
  • Jobbar systematisk og tek ansvar for avdelinga si totale drift
  • Du er sikker i utøving av faget og trivs med å arbeide ved fleire arbeidsstadar
  • Erfaring frå omsorgssektoren og bruk av elektronisk pasientjournal er eit føremon
  • Du må gjerne ha erfaring frå norsk kommunehelseteneste anten gjennom utdanning eller praksis, og beherske norsk både munnleg og skriftleg (ev skandinavisk)

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato. Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte avdelingsleiar Kari Bjelland Vik, tlf: 932 22 669. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit intervju.

Søknadsfrist: 31.04.24.   Merk! aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju fortløpande.                                          Søk på stillinga her