Foreldrerolla kan vera utfordrande for alle. Kanskje har du eit barn som strevar eller som du syns det er vanskeleg å forstå? Kanskje er du sjølv usikker og har ein eigen historie som påverkar deg i rolla som føresett? Eller kanskje du berre ønskjer meir kunnskap om korleis du kan forstå og møte barnet ditt betre?

Foreldrerettleiing har som mål å styrkja deg i foreldrerolla. For nokon barn har det stor betydning at du søkjer hjelp når det opplevast vanskeleg. Når du deltar i ei gruppe får du i tillegg, gjennom andres forteljingar, oppleve at du ikkje er åleine om å ha utfordringar du ønskjer hjelp til.

Tuning in to Teens (TINT) er eit gruppebasert foreldrerettleiingsprogram der hovudfokuset ligger i det emosjonelle bandet mellom foreldrene og ungdommen. Foreldra vert trent i å møte barnet sitt følelsesuttrykk med nærheit og forståing, og til å støtte sin eigen og tenåringens evne til sjølvregulering.

Tilbodet er for familiar med barn/ungdom på 10-17 år.

Gjennom TINT kan du lære meir om korleis du kan

  • bli betre til å snakke med ungdommen din
  • forstå ungdommen din betre
  • hjelpe ungdommen din til å handtere sine følelsar
  • forebygger åtferdsvanskar hos ungdommen din
  • hjelpe ungdommen din med å handtere konfliktar

Ungdom som har en høgare emosjonell kompetanse:

  • er meir oppmerksame og tryggare i situasjonar kor dei opplever press frå jamaldrande.
  • har lettare for å handtere konfliktar og får lettare venner.
  • handterer betre vanskelege følelsar som sinne og tristhet.
  • har færre psykiske plager og utfordringar ift. rus

Når er det og kor mange kursdagar er det?

Kurset går over 6 gonger, 4 torsdager frå kl. 13:00-15:00/ 2 onsdager frå kl. 19:00-21:00, 2 timer kvar gong. Fitjar kommune skal starte opp med Tuning in to Teens grupper første veka etter haustferien. Det tilbys også individuell rettleiing dersom ønskelig. 

Påmeldingsfrist: onsdag 27.09.23.

Vil du melde deg på, eller har du spørsmål kontakt:

Karen Marie Sætre                                                           E-post: karsat@fitjar.kommune.no

Miljørettleiar, NAV Fitjar                                                 Tlf: 938 62 515