Fjellheim FUS friluftsbarnehage har stort fokus på friluftsliv, uteaktivitetar og sunt kosthald.

Om barnehagen

Barnehagen held til i utradisjonelle barnehagelokale og naturskjønne omgjevnader på Årbø, om lag 6 km frå Fitjar sentrum. Vi har 8 mål innmark, flott turterreng og gardsbruk i umiddelbar nærleik. Vi har i har stort inngjerda uteområde umiddelbart utanfor dørene, men vi har ingen tradisjonelle leikeapparat på uteområdet, og vi har «uendeleg» med plass utanfor gjerdet.

Satsingsområde

Friluftsliv

Dei eldste barna er ute storparten av dagen, og er ofte på tur utanfor barnehagen, til forskjellige turmål med ulik distanse frå barnehagen. Desse turmåla er gjenkjennelege referansepunkt med sjølvlaga namn, mellom anna Kjekkaste plassen, Nashornplassen, Pinneplassen, Diamanten. Barna gjer seg ulike erfaringar om friluftsliv, som å kle seg etter forholda, ta vare på seg sjølv og venane sine, og kjenne etter når ein treng mat, drikke og kvile. Barna får verdifulle erfaringar i møte med naturen, og dei lærer å ta vare på både planter og dyr. For å oppleve gleda med uteleik og friluftsliv, tenkjer vi at vi må begynne i det små.

Vi legg opp til at dei minste barna skal vere akkurat passeleg mykje ute, og passeleg langt frå barnehagen, slik at dei kjenner seg tilfredse og trygge. For dei minste barna tilpassar vi friluftslivet individuelt, ut frå alder og utviklingsnivå og behov for søvn og kvile.

Friluftsliv, kosthald og språk

Fjellheim FUS friluftsbarnehage har ein tydeleg friluftsprofil. Barna er ute mesteparten av dagen, alle dagar. Vi nyttar dagleg omgjevnadene i området. I naturen får barna utfordre seg, nå nye mål og oppleve meistringskjensle.

Vi tenkjer at det aller meste som kan gjerast inne, kan gjerast ute. Også matlaging. Vi et dei fleste måltid ute, og lagar også ofte mat ute og på tur. Fjellheim FUS friluftsbarnehage arbeider etter mat- og måltidskonseptet FUS SmartMat.

Barna får alle måltid i barnehagen.

Vi jobbar jamt med alle fagområde, men har spesielt fokus på kommunikasjon og språk, då vi veit at dette er grunnleggande og vesentleg ferdigheiter for deltaking i leik og utvikling av sosial kompetanse.

Vedtekter og årsplan

Vedtektene til barnehagen finn du her.
Årsplanen til barnehagen ligg her.