Ynskjer du informasjon?

Les meir om BUP Stord og tilbodet deira her. 

Ynskjer du informasjon om barn og unges helsetenester? Les meir om dei ulike pakkeforløpa og få god informasjon om du er føresett, barn/ungdom eller tilsett i kommunen. 

Råd til ungdom

Får du hjelp tidlig, er sjansen større for at du raskere blir bedre. Ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen, psykisk helsehjelp i kommunen eller fastlegen din. Dei kan hjelpe deg.
 
Dersom du ønskjer nokon å snakka med kan du ta kontakt helsesjukepleiar, kontaktlærar eller sosiallærar på skulen. Dei kan gi deg råd om kor du kan få hjelp. Du kan også snakka med ein annan vaksen du stolar på.
Helsesjukepleiar på skulen din vil snakke med deg for å finne ut meir om dei psykiske plagene dine. Deretter vil dei snakke med deg om kva som kan gjerast videre. Dei kan også kontakte fastlegen din, som også kan hjelpe deg.
 

Råd til føresette

Om du vert bekymra for bornet ditt er det som regel ein grunn til det. Tidleg hjelp kan auke sjansen for at bornet ditt raskare vert betre. Ta kontakt med helsesjukepleiar, psykisk helsehjelp i kommunen eller fastlegen. Dei kan hjelpe deg.

​Det er naturleg å vere usikker på om bornet ditt har behov for hjelp eller ikkje. Dersom du ønskjer nokon å snakke med om bekymringa di kan du ta kontakt med helsesjukepleiar eller fastlegen til bornet/ ungdomen. Dei kan gi deg råd om kva som er lurt å gjere og kva som er god hjelp for plagene bornet ditt har. 

Kommunen har ansvar for å gi psykisk helsehjelp til born og unge, men tilbudet er ofte ulikt organisert i de forskjellige kommunene. Du finn informasjon om det psykiske helsetilbodet i kommunen på deira heimeside. ​​