Havn burettslag ligg like ved Havnahuset og har 12 omsorgsbustadar. Desse er organisert i burettslagsmodellen, og er basert på kjøp/husleige. Det er boligbyggelaget Vestbo som er forretningsførar for burettslaget, men kommunen har tildelingsplikt. Prisane på bustadane i burettslaget vert regulert i samsvar med prisindeks. Vestbo kan svare på spørsmål om prisar og gjeldande husleigesatsar.

Når bustadane vert ledige vert dei lyste for sal i lokalavisa, anten via meklar eller at eigar/pårørande sjølv står for dette. Søknad om bustad går til kommunen, og interesserte søkjer til kommunen. Kommunen tildeler leiligheit til ny kjøpar etter behovsvurdering, og gjer vedtak om tildelinga. 

Heimetenestene yter tenester til bebuarane etter søknad, vurdering av behov og gjer vedtak om tenester. 

Vilkår:

  • Søkjaren må vera folkeregistrert i Fitjar kommune
  • Søkjaren må ha behov for kommunale helsetenester
  • Søkjaren bør kunne bruke tryggleiksalarm og anna omsorgsteknologi
  • Søkjaren må sjølv ynskje og søkje om omsorgsbustad
  • Det må vera ledig omsorgsbustad i kommunen
  • Ein person med demensdiagnose, med behov for tett oppfølging/tilsyn og mykje bistand i det daglege, vert i utgangspunktet ikkje vurdert for omsorgsbustad
  • Søkjar må signere søknade

Tenestekontoret har ansvar for å forvalte dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Det vil seie at sakshandsamar tek imot søknadar, greier ut saka, her under behovet for tenester og eventuelle hjelpemiddel, og i den samanheng kva som må liggje føre/vera montert før flytting kan gjennomførast.

Søknadane om bustad vert vurdert og prioritert etter behov i inntaksmøte. Det vert sendt ut vedtak om tildeling, eller søkjar får avslag.

For Havn Burettslag er det Vestbo som ordnar med den forretningsmessige sida, kjøp osb. Brukaren/pårørande tek seg av innflyttinga.