Du vurderer kanskje å bryte ut av ein valdelig relasjon, eller kanskje du allereie har gjort det og treng nokon å snakke med? Du kan då ta direkte kontakt med kommunen sitt krisesentertilbod, utan henvising eller timeavtale. Krisesentertilbudet er gratis og tilgjengeleg heile døgnet.

Krisesentertilbudet kan blant anna tilby:

  • Støtte og praktisk hjelp
  • Råd og vegleiing
  • Hjelp til bearbeiding
  • Informasjon om rettar og mogelegheitar
  • Advokatbistand
  • Formidle kontakt med offentlege instansar
  • Mellombels butilbod i trygge omgjevnader

Krisesentertilbodet har teieplikt. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale. Du kan vera anonym.

Målgruppe:

Kvinner, menn og barn som er utsett for vald eller trugsmål om vald i nære relasjonar.

Lovverk:

Dette er ei lovpålagt teneste jf. Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)
 

Nyttige lenkjer:                                               
www.dinutvei.no 
Finn nærmeste krisesenter
Lov om kommunale krisesentertilbud
Forskrift om fysisk sikkerheit i krisesentertilbodet