Treng ditt barn ein stad å vere før og etter skuletid, kan du melde barnet på SFO, som er fritidsordninga til skulen. På SFO får barnet ein trygg opphaldsplass med omsorgsfulle vaksne rundt seg. Her kan barnet leike både ute og inne, og ta det i kultur- og fritidsaktivitetar tilpassa sitt behov. 

Målgruppe

SFO er eit frivillig tilbod til barn i 1. til 4. trinn og for barn med spesielle behov i 1. til 7. trinn. Mange skolar tilbyr også SFO i skoleferiar og på planleggingsdagar. Opningstida varierer frå skole til skole. Nokre skolar tilbyr både heiltids- og deltidsplass.

  • Elevar i grunnskulen sitt 1.-4.trinn
  • Elevar med særskilde behov i grunnskulen sitt 1.-7.trinn

Vilkår

Barnet må vere elev ved skulen.

Kommunen pliktar å tilby skulefritidsordning, men kan ha eigne opptakskriterier. 

 

Søknadsskjema og satsar

Gå inn her for å søkje plass på SFO i Fitjar kommune. 

Søknaden om plass i SFO skal sendast via søknadsskjema nedanfor innan 15.april kvart år.  

  • Det er 3 mnd oppseiing av plassen.

 

Linken ovanfor kan nyttast når du søkjer, skal søkja om endra opphaldstid og ved oppsigelse.

Vedtekter og betalingssatsar for SFO finn du her

Opplæringslova

Opplæringslova § 13-7 (Skulefritidsordninga)

 

Rettleiing

Kommunen kan hjelpe deg med å melde barnet ditt på SFO. Ta kontakt med administrasjonen på skulen du ynskjer plass på. 

Skulefritidsordning på den einskilde skule

Ansvarleg for SFO på kvar skule er rektor ved skulen, men SFO har og ein pedagogisk leiar.

Rimbareid SFO

Stad:
I skulen sine nye lokalar til 1. klasse

Pedagogisk leiar: 

Lise Klementsen Grundvold, telefon 470 40 436

Opningstid:
Om morgonen frå kl. 06.45.  Etter skuletid fram til 16.15.

Dette tilbodet føl skuleruta.

 

Selevik SFO

Stad:
I skulen sine lokalar.

Pedagogisk leiar:

Rektor Elisabeth Kjærland, telefon 53 45 85 95

 

Øvrebygda SFO

Stad:
I skulen sine lokalar.

Pedagogisk leiar:
Rektor Sigbjørn Aarland, telefon 53 45 85 85

Opningstid:
Om morgonen frå kl. 07.00.  Etter skuletid fram til 16.00.

Utvida ordning:
Det er og eit utvida tilbod på SFO i kommunen. Den har ope på alle dei skulefrie kvardagane. ( Har stengt når barnehagane har ferie).
Dette tilbodet er i lokala til Rimbareid SFO, men gjeld  elevar frå alle skulane i kommunen.

Opningstida er 06.45 - 16.15.

Sakshandsaming

Påmeldinga di skal behandlast så snart som mogeleg. Dersom svar på påmeldinga ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når du kan vente eit svar.

 

Klage

Er du misnøgd med avgjerda, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Er du misnøgd med SFO-tilbodet, kan du ta dette opp med den som er ansvarleg for SFO. Blir ikkje synspunkta dine høyrde, kan du klage skriftleg til kommunen.