Koronavaksinasjon i Fitjar kommune

Fitjar kommune tilbyr 2.oppfriskingsdose (4.dose) for friske personar mellom 18 – 64 år. Denne gruppa er ikkje særskilt tilrådd 4.dose, men kan få den om dei ynskjer det.

Personar over 65 år eller yngre med underliggjande sjukdomar er tilrådd 4.dosen. Desse kan få time til vaksinering om dei manglar tilrådde vaksinedosar.

Det må vera minimum 4.mnd mellom kvar oppfriskingsdose. Gjennomgått koronasjukdom vil gje god beskyttelse den første tida etter du har vore sjuk, og du kan difor vente 3-4 mnd før du får ny vaksine. Om du likevel ynskjer tidlegare oppfriskingsdose, må det ha gått minimum 3 veker sidan tilfrisking, men eit lenger tidsintervall vil gje ein betre immunrespons.

Tidspunkt: Ta kontakt med leiande helsesjukepleiar, tlf: 915 24 832 for timeavtale eller andre spørsmål kring koronavaksine. Du kan og bestille time via e-post: helsestasjon@fitjar.kommune.no

Stad for vaksinasjon: Avtalt vaksinasjon skjer hjå Fitjar helsestasjon, Gamle Havnavegen 23, 5419 Fitjar

 

For meir informasjon, sjå heimesida til Folkehelseinstituttet www.fhi.no

Influensavaksinasjon

Personar med risikosjukdom er anbefalt influensavaksine og pneumokokkvaksine. Pneumokokkvaksine er no tilrådd med 5 års intervall. Desse vaksinane kan ein få samstundes. NB! Det må gå minimum 1 veke mellom koronavaksine og pneumokokkvaksine. Kontakt fastlege og/eller apotek for timebestilling.

Premature og barn med risikosjukdom
Fhi anbefaler særleg premature barn og barn med risikosjukdom å få influensavaksine frå 6 mnd alder. Barn i alder 6 mnd til 9 år, som ikkje er vaksinert eller har fått påvist influensasjukdom tidlegare, anbefales to dosar influensavaksine med eit intervall på minimum 4 veker. Det finns to ulike typar influensavaksine som er godkjent for barn – injeksjon (frå 6 mnd alder) og nasespray (2-17 år). 

Influensavaksine er i tillegg tilrådd til: 

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar 
  • Saneringspersonale og andre som jobbar i fjørfenæringa

          

For meir informasjon, ta kontakt med: