I samsvar med planprogrammet melder Fitjar kommune no 

Oppstart av arbeidet med rullering av kommuneplanen sin arealdel (KPA)


I samband med oppstart av planarbeidet inviterer kommunen til møter for medverknad i planarbeidet:

  • Folkemøte i FKIB, torsdag 11. januar kl 18.30
  • Temamøte Fitjarøyane og Strandsone - Kommunestyresalen 17. januar kl 18.00
  • Temamøte Bustad, hytter, naust og landbruk - Kommunestyresalen 17. januar kl 19.30
  • Temamøte Friluft, idrett, folkehelse og kultur -  Kommunestyresalen 25. januar kl 18.00
  • Temamøte Næringsutvikling, handel, energiproduksjon/klima -  Kommunestyresalen 25. januar kl 19.30
  • Temamøte Kystgarder - kommunestyresalen - tysdag 20. februar kl. 18.00
  • Grendamøte Sentrum - Kommunestyresalen 12. februar kl 18.00
  • Grendamøte Øvrebygda – Øvrebygda Skule, gymsalen 13. februar kl 18.00
  • Grendamøte Sælevik/Dåfjorden – Selevik Skule 14. februar kl 18.00
  • Grendamøte Osterneset/Strando - Kommunestyresalen 15. februar kl 18.00
  • Møte med Råd for personar med funksjonsnedsetting og Eldrerådet – Kommunestyresalen 19. februar kl 13.00
  • Møte med Fitjar Ungdomsråd – Kommunestyresalen 17. januar kl 09.00

 

Kommunen vonar flest mogleg vil delta på møter, og senda innspel til planarbeidet for breiast mogleg medverknad i arbeidet.

Det er høve å senda innspel via elektronisk skjema, som du finn her
Du kan også sende innspel på e-post til fitjar@fitjar.kommune.no , eller brev til Postboks 83, 5418 Fitjar.  Frist for å koma med innspel til planarbeidet er sett til 15. mars 2024.


Kommuneplanen sin samfunnsdel for perioden 2020-2040 finn du her


Kommuneplanen sin arealdel for perioden 2011-2022 med plankart og føresegner finn du her


Facebook side for Rullering av kommuneplanen sin arealdel KPA