Kontrollutvalet skal føra tilsyn med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret.

  • Kontrollutvalet skal i første rekke føre samanhengande tilsyn og kontroll med forvaltninga i kommunen på vegne av kommunestyret, medrekna å sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.
  • Utvalet kan i prinsippet ta opp eitkvart forhold ved kommunen si verksemd så lenge det kan definerast som kontroll eller tilsyn. Uvalet kan likevel ikkje overprøve politiske prioriteringar utført av kommunen sine folkevalde organ.
  • Kontrollutvalet kan berre sjå til at dei vedtak som er tekne og at verksemda elles er i tråd med rettslege krav til kommunen. Det vil seie om vedtak er tekne av kompetent organ etter korrekt saksbehandling og om vedtaket er gjennomført som fastsatt. Kommunelova § 23-5 viser også til at kontrollutvalet skal rapportere resultata av arbeidet sitt til kommunestyret

Kontrollutvalet har 5 representanter

Vestland fylkeskommune er sekretariat for kontrollutvalet. Det er eit krav at sekretariatet er uavhengig i høve både administrasjonen og revisjonen. Dette inneber mellom anna at sekretæren ikkje kan vere tilsett under rådmannen sitt mynde, eller utføre revisjonsoppgåver for kommunen.

Fitjar kommune har avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Det omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i og andre kontrolloppgåver i regi av kontrollutvalet.

Kontaktinformasjon til sekretariatet
Helge Inge Johansen
Telefon 40 20 36 64
E-post: helge.inge.johansen@vlfk.no

Innkallingar og protokoller til kontrollutvalet

Sakspapir til møte i kontrollutvalet 20. januar 2021, kl. 10.00

Sakspapir til møte i kontrollutvalet 27. november 2020 kl 10.00
Protokoll frå møte i kontrollutvalet 27. november 2020
Sakspapir til møte i kontrollutvalet 21. oktober 2020 kl.10.00
Protokoll frå møte i kontrollutvalet 21. oktober 2020
Sakspapir til møte i kontrollutvalet 14. september 2020 kl 11:00 
Protokoll frå møte i kontrollutvalet 14. september 2020