Utleggingsmanntal

Manntalet for kommunestyre- og fylkestingsvalet ligg til offentleg ettersyn i kundetorget på Fitjar rådhus og på Fitjar folkebibliotek.

Det er ingen innbyggjarar i Fitjar kommune som er registrert i utleggingsmanntalet for Sametinget.

Dersom du meinar at det er feil eller manglar i manntalet, kan du krevja at feilen vert retta opp. Kravet skal vera skriftleg, og sendast til valstyret i Fitjar.

Valkort

Valkortet er ei stadfesting på at du har røysterett. Der står kvar og kva tid du kan røyste på valdagen.
Du treng ikkje ha valkortet med deg for å røyste, men det vil forenkle registreringa.

Alle får valkortet tilsendt til sin digitale postkasse, eller gjennom Altinn. Dei som har resevert seg mot digital kommunikasjon, eller ikkje har brukt ID-porten på 18 månader, får valkortet tilsendt i posten.

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon. 

Meir informasjon om valkortet kan du lesa her

Valurne

Førehandsrøysting på Fitjar rådhus

Tidlegrøysting  går føre seg i perioden 3. juli til 9. august, i kundetorget på Fitjar rådhus i ordinær opningstid.

Ved tidlegrøysting vert det nytta fellesliste med avkryssing for parti. Partilister med kandidatnamn vert tekne i bruk når dei er klar frå trykkeriet.

FØREHANDSRØYSTING
Det vert høve til å førehandsrøysta på Fitjar rådhus frå 10. august, i ordnær opningstid
som er kl. 09.30 - 14.30.

Utvida opningstid for førehandsrøysting vert som følgjer:
Tysdag 29. august: kl. 09.30 - 18.00
Onsdag 30. august: kl. 09.30 - 18.00
Torsdag 31. august: kl. 09.30 - 18.00
Laurdag 2. september: kl. 11.00 - 14.00
Tysdag 5. september: kl. 09.30 - 18.00
Onsdag 6. september: kl. 09.30 - 18.00
Torsdag 7. september: kl. 09.30 - 18.00

Førehandsrøysting på institusjon og i heimen

Røysting på institusjon
Det vert førehandsrøysting på Fitjar bu- og behandlingssenter og på Havnahuset onsdag 6. september. Tidspunkt vert kunngjort ved oppslag på institusjonane.

Røysting i heimen (ambulerande røysting)
Veljarar som av ulike årsaker ikkje kan røysta på nokon av dei ordinære lokala for førehandsrøysting, kan søkje om å få røyste der dei oppheld seg.
Frist for å søkje om dette er fredag 8. september kl. 10.00. Søknad kan sendast på e-post til fitjar@fitjar.kommune.no, eller ta kontakt på tlf. 53 45 85 00.

Listeforslag til ettersyn

Listeforslaga vert lagde ut til ettersyn etter kvart som dei vert leverte inn

Fitjar Arbeiderparti
Fitjar Framstegsparti
Fitjar Høgre
Fitjar Senterparti
Fitjar Kristeleg Folkeparti
Industri- og næringspartiet


Valstyret har i møte 26. april 2023 godkjent desse listene til kommunestyrevalet:

Godkjende vallister

Det er høve til å klage på vedtaket, jf. valgloven § 6-8. Klagefrist er 12.05.2023