BPA- Brukarstyrt personleg assistanse

Beskrivelse

Brukarstyrt personleg assistanse er ein måte å organisere praktisk bistand på. Målet er at du skal få eit aktivt og mest mogeleg uavhengig liv trass i funksjonsnedsettinga.

Brukarassistert personleg assistanse er eit tilbod til deg som er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål. Du vil sjølv vere arbeidsleiar for den personlege assistenten (éin eller fleire) og avgjer sjølv når og med kva assistenten skal hjelpe deg.

Brukarassistert personleg assistanse i form av praktisk hjelp kan dessutan vere eit avlastingstiltak for deg med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne.

Målgruppe
  • Personar med nedsett funksjonsevne og eit samansett og omfattande behov for tenester. Personen må sjølv (ev. med noko hjelp) kunne vere arbeidsleiar for assistenten/assistentane.
  • Søknaden må vere innvilga før personen blir 67 år for å kunne behalde tenesta også etter fylte 67.
  • Familiar med heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne.
Vilkår

Behovet for brukarstyrt personleg assistanse må vere langvarig og stort. "Langvarig og stort behov" betyr at du treng assistanse i minst to år framover og med minst 32 timar per veke.

Er behovet ditt mellom 25 og 32 timar per veke, har du òg rett til å få brukarstyrt personleg assistanse, med mindre kommunen kan dokumentere at slik organisering vil medføre vesentleg auka kostnad for kommunen.

Har du behov for at meir enn éin person er til stades, eller tenester om natta, kan du få brukarstyrt personleg assistanse berre dersom du har kontinuerleg behov for slike tenester.

Lover

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 (Kommunens ansvar for helse- og omsorgstenester), sjå nr. 6, bokstav b

Helse- og omsorgstenestelova § 3-8 (Brukarstyrt personleg assistanse)

Pasient- og brukarrettslova § 2-1d (Rett til brukarstyrt personleg assistanse)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Veiledning

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om brukarstyrt personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg viss du har behov for det. Viss ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Ønskje og behov blir kartlagde før kommunen vedtar om du får slik assistanse eller ikkje. Får du ikkje det du har søkt om, skal kommunen grunngi dette.

Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, kan saka sendast vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
Personleg assistent, brukarstyrt personleg assistanse, avlasting, støtte, BPA, helse, omsorg

DebugView   v2