Bustøtte

Beskrivelse

Har du låg inntekt og høge buutgifter, kan du søkje kommunen om bustøtte. Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning.

Kommunen og Husbanken samarbeider om bustøtteordninga. Kommunen behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar, mens det er Husbanken som tar den endelege avgjerda.

Målgruppe

 Alle som er over 18 år, bortsett frå studentar utan barn og personar i førstegongsteneste, kan søkje bustøtte. Du kan òg søkje dersom du er:

  • under 18 år og har eigne barn
  • student utan barn og studiet er eit ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er student med barn
  • er student utan rett til ytingar frå Statens lånekasse
  • er forelder til ein heimebuande student
  • er forelder til ein i fystegongsteneste som ikkje bur heime
Vilkår
  • Bustaden må vere ein sjølvstendig bustad, dvs. ein bustad med eigen inngang som har eige bad og toalett, kjøkkenløysing og høve til kvile.
  • Bur du i bufellesskap kan du få bustøtte av helse- eller sosialfaglege grunnar. Du kan også få bustøtte om du bur i eit bukollektiv der bustaden er tildelt av kommunen.
Lover
Veiledning

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på fastsett papirskjema. Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad, og utbetaling vil skje den 20. i månaden etter. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med søknaden.

Dersom du får innvilga bustøtte, treng du ikkje å søkje kvar månad. Men du må melde frå ved endringar som til dømes:

  • vesentlege endringar i inntekt og formue
  • flytting til ny bustad (då må du også søkje på nytt) 
  • éin eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden 
  • buutgiftene endrar seg 
  • éin i husstanden blir student eller startar fystegongsteneste

Du vil nå få bustøtte ut frå innektssituasjonen i den månaden du søkjer for. Du vil få bustøtte for månader med låg inntekt, men miste bustøtten dersom inntekten ein månad er over øvre inntektsgrense. Får du avslag ein månad på grunn av for høg inntekt, overførar Husbanken søknaden din automatisk til neste månad.

 Husbanken hentar automatisk inn inntektstala frå Skatteetaten for den aktuelle månaden. Eventuell formue og andre inntekter må du oppgje sjølv. Desse inntektene treng du ikkje å dokumentere då dei blir etterkontrollerte når skatteoppgjeret er ferdig.

Vedlegg til søknaden:

  • Husleigekontrakt, hvis du leige bustad
  • Nedbetalingsplan på boliglånet ditt, dersom du eig bustad
  • Dokumentasjon på eventuelle fellesutgifter, dersom du bur i burettslag, sjølveid bustad i sameige, aksjeleilighet eller obligatsjonsleilighet
  • Dokumentasjon på eigedomskatt pr. år, dersom du bur i sjølveig bustad (einebustad)
Søknadsfrist

Den 25. i kvar månad.

Saksbehandling

Har du fått bustøtte, kan kommunen og Husbanken når som helst kontrollere at du og eventuelt andre i husstanden framleis oppfyller vilkåra. Dei kan m.a. hente inn informasjon frå:

  • offentleg føretak
  • låneføretak
  • postoperatørar
  • utleigarar
  • burettslag
  • eigarseksjonssameige

Kommunen og Husbanken kan hente inn slik informasjon utan først å få samtykke frå deg eller andre i husstanden.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda Husbanken har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot svaret. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til kommunen. Dei sender klagen vidare til Husbanken for behandling. Husbanken går gjennom søknaden din på nytt og sender svaret direkte til deg. Kommunen får òg melding om avgjerda.

Dersom du ikkje får medhald i klagen din, kan du be kommunen om at klagen blir behandla av den uavhengige klagenemnda som er oppnemnd av departementet. Du må gjerne komme med nye opplysningar i saka.

Du kan lese meir om korleis du klagar, på Husbankens nettsider.

Los-ord
Bustøtte, bustad, bustadtilskot, tilskot, butilskot, husbanken, buutgifter, bustadutgifter, trygd, barnefamilie, flyktningar, trygda, vanskelegstilt, støtteordning, sosialhjelp, gjeldsrådgiving, bustønad, stønad, husleige

DebugView   v2