Etablerarprøva

Beskrivelse

Etablerarprøven skal sikre at du som ansvarleg for ein serveringsstad, har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som blir kravde for å drive staden.

Etablerarprøven er ein obligatorisk fleirvalprøve. Pensum til prøven er materialet i læreboka: «Læremateriell – etablererprøven for serveringsvirksomhet», utarbeidd for Nærings- og fiskeridepartementet av Veiledningsinstituttet i Nord-Norge.

Du svarer på prøven elektronisk i lokala til kommunen og får 90 minutt til dette. For å bestå prøven må du svare rett på minst 40 av spørsmåla.

Målgruppe

Dagleg leiar i verksemder som har eller søkjer om serveringsløyve.

Vilkår

Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må du som dagleg leiar av staden ha bestått etablerarprøven og ha god vandel. Etablerarprøven er ikkje det same som kunnskapsprøven etter alkohollova.

Startar du som dagleg leiar i serveringsverksemd som allereie har løyve, må du òg ta etablerarprøven.

Lover
Veiledning

Du melder deg opp til etablerarprøven ved å kontakte kommunen.

Du tar prøven i lokala til kommunen. Du må ha med gyldig legitimasjon. Som hjelpemiddel er det tillate med lovsamling (reine lov- og forskriftstekstar).

Saksbehandling

Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at du har meldt deg opp. Når du har bestått etablerarprøven, skriv kommunen ut eit bevis.

Klage

Du kan ikkje klage, men du kan ta prøven på nytt. Du må betale nytt gebyr for å ta ny prøve.

Los-ord
verksemd, etablering, etableraropplæring, eksamen, servering, alkohol, sal, økonomistyring, oppstart, dagleg leiar, drift, planlegging, kunnskap, vandel, prøve, test, bevis

DebugView   v2