Økonomisk rådgiving

Beskrivelse

Klarer du ikkje å betale rekningane dine og slit med å få pengane til å strekke til? Har du problem med å få betalt ned gjeld? Ta kontakt med NAV-kontoret i kommunen, som kan gi deg økonomisk rådgiving.

Rådgivinga blir tilpassa dine behov. Du kan m.a. få hjelp til å:

  • finne ut korleis du kan redusere utgiftene
  • vurdere om det er mogeleg å auke inntektene
  • setje opp eit realistisk budsjett
  • få oversikt over rettane og pliktene dine
  • forhandle og gjere avtale med dei du skuldar pengar
  • skrive søknad om utsett betaling eller gjeldsordning
  • komme i dialog med namsmannen

Det er viktig at du søkjer hjelp så snart som mogeleg før problema blir for store.

Målgruppe

Du kan få økonomisk rådgiving dersom du:

  • har problem med å få pengane til å strekke til
  • har vanskar med å betale rekningar og gjeld
  • har fått eller ventar å få lågare inntekt
  • søkjer om økonomisk sosialhjelp
Vilkår

Du må leggje fram alle opplysningar som rådgivaren treng for å kunne hjelpe deg.

Lover

Sosialtenestelova § 17 (Opplysning, råd og rettleiing)

Gjeldsordningslova § 1-5 (Kommunens plikt til å hjelpe personar med alvorlege gjeldsproblem)

Forskrift om livsopphaldssatsar

Veiledning

Ta kontakt med NAV-kontoret i kommunen for å avtale tid for ein samtale.

For at rådgivaren skal få oversikt over situasjonen din og kunne gi deg gode råd, bør du ha med dette til samtalen:

  • Siste skattemelding (sjølvmelding) og skatteoppgjer (kan hentast frå Skatteetatens nettsider)
  • Utskrift av kontooversikt med saldo på alle kontoar
  • Kopi av husleige-/framleigekontrakt eller kvittering for betalt husleige
  • Lønsslipp og trygdeytingar dei siste tre månadene
  • Dokumentasjon på lån og kredittgjeld
  • Dokumentasjon på utgifter (straum, forsikring, lege, SFO, barnehage o.l.)
  • Dokumentasjon på ubetalte rekningar og gjeld
  • Utleggskrav viss du har fått dette frå namsmannen
  • Ev. innkalling til forliksrådet
Saksbehandling

NAV-kontoret i kommunen skal sørgje for at du får ein samtale med rådgivar så snart som mogeleg.

Klage

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til NAV-kontoret i kommunen. Dersom klagen blir avvist, eller NAV-kontoret meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
gjeldsrådgiving, økonomi, rådgiving, rettleiing, betalingsproblem, restanse, lån, gjeld, husleige, pengar, kontantar, pengeproblem, økonomiske problem, gjeldsslave, gjeldsoffer, gjeldssanering, gjeldsordning, gjeldsproblem, betalingsevne, betalingsmerknad, betalingsutsetjing, betalingsutsetting, inkasso, kredittverdig, kreditor, konkurs, budsjett, sosialhjelp, sosialstønad, livsopphald, namsmann, namsrett, namsretten, namsmyndigheit, namsfuten, tvangsfullbyrding, tvangssal, tvangsfråviking, tvangsutkasting, utleggstrekk, utleggsforretning, påleggstrekk, forliksråd

DebugView   v2