Omsorgsbustad

Beskrivelse

Omsorgsbustad er ein bustad for deg som er avhengig av hjelp i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting, alder eller andre helsemessige årsaker.

Bustaden er tilpassa for rørslehemma og tilrettelagd for at du skal kunne ta imot heildøgnsomsorg. Bustaden skal vere din eigen heim. Du betaler husleige og får heimetenester på same vilkår som for andre heimebuande.

Kommunen har eit avgrensa tal på omsorgsbustader, og du kan derfor bli sett på venteliste.

Målgruppe
  • Pleietrengande eldre
  • Kronisk sjuke
  • Personar med varig funksjonsnedsetting
Vilkår

Du må:

  • ha behov for tilpassa bustad for å kunne bu i eigen heim
  • ha behov for kontinuerleg oppfølging av helsepersonell
  • bu eller opphalde deg i kommunen
  • sjølv ønskje omsorgsbustad
Lover

Helse- og omsorgstenestelova § 3-7 (Boliger til vanskelegstilte)

Verdigheitsgarantiforskrifta

Pasient- og brukarrettslova § 2-1a (Rett til nødvendig hjelp frå kommunen si helse- og omsorgsteneste)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Veiledning

For å få omsorgsbustad sender du søknad til kommunen. Treng du hjelp, kan kommunen fortelje kva søknaden bør innehalde og hjelpe deg med å søkje. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt frå deg.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Du vil få eit skriftleg svar på søknaden frå kommunen. Blir søknaden godkjend, men kommunen ikkje har ledig omsorgsbustad, vil du bli sett på venteliste. Får du avslag på søknaden, må kommunen grunngi avslaget.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
Omsorgsbustad, omsorg, omsorgstenester, bustad, tilrettelagd, rørslehemma, rørslehemming, bebuar, pasient, omsorgsleilegheit, omsorgshusvære, heimeteneste, heimehjelp, heimesjukepleie, pleie, eldre, funksjonshemma, psykiatri, sosialteneste, husleige, sjukdom, funksjonshemming, handicap, handikap, skade, ulykke, omsorgstrengande, pleietrengande, pleiemottakar, omsorgsmottakar, funksjonsnedsetting, livsløpsstandard, universell utforming, universelt utforma, rullestol, rullator, rullestoltilpassa

DebugView   v2