Tilrettelagt transport (TT-kort)

Beskrivelse

Viss du ikkje kan bruke vanleg kollektivtransport pga. nedsett funksjonsevne eller sjukdom, kan du søkje om å få tilrettelagt transport som køyrer deg dør-til-dør. Eit TT-kort er personleg og gir deg eit bestemt tal turar med drosje eller spesialbil.

Formålet med tilrettelagt transport er at du skal kunne ta del i aktivitetar i nærmiljøet på lik linje med andre. Du treng ikkje bruke kortet til sjuketransport, legebesøk eller liknande som du i staden får dekt av folketrygda.

Ordninga med tilrettelagt transport blir administrert av fylkeskommunen. Ordninga er ikkje lovpålagd, dvs. at du ikkje har ein lovfesta rett til TT-kort.

Målgruppe
  • Personar med nedsett funksjonsevne
  • Forflyttingshemma
  • Kronisk sjuke eller skadde
  • Eldre

Nedre aldersgrense for å få TT-kort er normalt seks år.

Vilkår

Funksjonsnedsettinga eller sjukdommen må ventast å vare lenger enn to år og må vere dokumentert av lege.

Lover

Tenesta er ikkje lovpålagd.

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om TT-kort. Dei vil også gi beskjed om søknaden skal sendast via kommunen eller direkte til fylkeskommunen.

Søknaden må beskrive:

  • grunnen til at du ikkje kan bruke kollektivtransport
  • hjelpemiddel du eventuelt er avhengig av (f.eks. krykkjer, rullestol, førarhund)
  • eventuelt behov for hjelp ved av- og påstiging eller under transporten

Du må legge ved:

  • legeerklæring
  • passbilete

Når du har fått TT-kort og treng transport, ringjer du drosjesentralen for å bestille tur. Sei frå om at du skal bruke TT-kortet og om du treng spesialbil eller har andre behov. Du bør også opplyse om kvar du skal reise og når du bør være framme. Du kan få eit hentetidspunkt som avvik frå bestillinga di, fordi bilen skal ha med fleire passasjerar.

Saksbehandling

Kommunen/fylkeskommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når du kan vente eit svar.

For å få oversikt over behovet ditt for transport kan saksbehandlaren ta kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen/fylkeskommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen/fylkeskommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen/fylkeskommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
tilrettelagt transport, TT, TT-kort, TT-teneste, transportteneste, funksjonshemma, funksjonshemming, rørslehemma, rørslehemming, forflyttingshemma, forflyttingshemming, funksjonshemming, funksjonsnedsetting, handikap, handikapp, handicap, handikappet, handikapet, handicapet, sjuketransport, drosje, taxi, taksi, spesialdrosje, spesialtaxi, spesialtransport, rullestoltransport

DebugView   v2