Kulturmidlar

Beskrivelse

Lag/foreiningar som aktiviserer barn/ungdom, blir prioriterte. Laga bør ha som mål å gi tilbod til personar med behov for hjelp. Kulturaktivitetar i nærmiljøa blir prioriterte. Kulturmidlane skal stimulere til eit mangesidig kulturliv av høg kvalitet.

Målgruppe

Alle lag/foreiningar som er aktive, har eit ideelt formål og ordna reknskapsforhold

Vilkår

A) Ca. 50 % blir delt ut til organisasjonar som aktiviserer barn/ungdom innanfor ein eller fleire kulturaktivitetar. I fordelinga mellom desse blir det lagt vekt på talet på barn som er aktiviserte, mengda av aktivisering og kostnadene tilknyttet dette.

B) Ca. 10 % blir utdelt i grunnstønad til organisasjonar med eit minimum av aktivitet, som har eit ideelt formål, og som ved søknaden dokumenterer å ha ordna reknskap m.v.

C) Ca. 10 % blir utdelt til organisasjonar som ikkje fell inn under pkt. A, eller som ut frå ei samla vurdering kjem ugunstig ut ved fordelinga.

Veiledning

Søknaden må innehalde: reknskap med revisjonsrapport for siste år, årsrapport for siste år, og budsjett for inneverande år.

Oversikt over vedlegg som skal sendast inn saman med søknaden, får ein ved å kontakte kommunen.

Saksbehandling

Saka blir behandla i hovudutvalet for oppvekst, utdanning og kultur.

Klage
  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Statsforvaltaren i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Los-ord
arrangement, stønad, kultur, festival, stipend, prosjekt, tilskot, kunstnar, underskotsgaranti, aktivitet, søknad

DebugView   v2