Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Beskrivelse

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Målgruppe

Personar med nedsett funksjonsevne som er over 26 år.

Lover

Forskrift om aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Folketrygdlova § 10-6 (Stønad til bedring av funksjonsevnen i dagliglivet)

Folketrygdlova § 10-7 (Stønadsformer)

Veiledning

Du låner aktivitetshjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentralen. Hjelpemiddellet er NAVs eigedom og skal leverast tilbake når du ikkje lenger brukar det. Ortopediske hjelpemiddel beheld du sjølv.

Klage

Du kan klage til NAV Klageinstans dersom du får avslag på søknaden din. Dersom NAV ikkje endrar avgjerda si, kan du anke saka inn for Trygderetten.

Avslag som skuldast manglande budsjettmidlar kan du ikkje klage på, men du kan eventuelt søkje på nytt neste år.

Los-ord
Aktivitet, hjelpemiddel, ortopediske, ortopedi, funksjonsevne, nedsett, hjelpemiddelsentralen, proteser, sportsproteser, spesialproteser, aktivitetshjelpemiddel

DebugView   v2