Frisklivssentral

Beskrivelse

Treng du hjelp til å endre levevanar, førebyggje helseplager eller leve betre med sjukdom, kan frisklivssentralen vere noko for deg. Du treng ikkje ha ein sjukdom eller diagnose for å delta.

Frisklivssentralen tilbyr individuell rettleiing, kurs og gruppesamlingar for fysisk aktivitet, kosthald og snus- og røykeslutt. Nokre sentralar kan òg hjelpe med utfordringar knytte til psykisk helse, alkohol eller søvn. Fleire frisklivssentralar har også tilbod til barn, unge og familiane deira.

Logo for frisklivssentralane

Logo for frisklivssentralane

Basistilbodet er frisklivsresepten, som gir tre månader med strukturert oppfølging.

Reseptperioden startar med ein individuell samtale. Saman med frisklivsrettleiaren bestemmer de kva som vil passe deg vidare. Du kan blant anna velje mellom:

  • Fysisk aktivitet
    Du får rettleidd hjelp til å komme i gang med aktivitet som er tilpassa deg og ditt nivå. Aktiviteten skjer fortrinnsvis utandørs. Målet er at du får betre kondisjon, styrke, balanse, rørsleevne, overskot og sosialt samvær.
  • Kosthaldskurs
    «Bra Mat» er eit inspirasjonskurs med mål om varig endring av matvanar og matvareval. Kurset lærer deg mellom anna å forstå varedeklarasjonar, gir praktiske råd for kvardagen og motiverer til å endre vanar. Du får høve til å utveksle erfaring med dei andre deltakarane. 
  • Snus- og røykesluttkurs
    På kurset vil du jobbe med å endre vanane dine for å klare å slutte med røyk eller snus. Erfaring viser at det er lettare å endre vanar saman med andre. I tillegg til rettleiing av kursleiar, kan gruppa gi støtte og motivasjon.
Målgruppe

Frisklivsresept er aktuelt for deg som:

  • har auka risiko for sjukdom, eller allereie er sjuk
  • har utfordringar knytte til fysisk eller psykisk helse
  • ønskjer motivasjon til å endre levevanar
  • er inaktiv
  • ønskjer kosthaldsrettleiing
  • røykjer eller snusar
  • har problem med alkohol
Vilkår

Du treng ikkje vere sjuk eller ha ein diagnose for å få eit tilbod ved frisklivssentralen.

Lover

Helse- og omsorgstenestelova § 3-3 (Helsefremjande og førebyggjande arbeid)

Veiledning

Du kan få ein frisklivsresept hos fastlegen din, av anna helsepersonell eller hos NAV.

Du kan òg kontakte frisklivssentralen sjølv.

Ønskjer du å halde fram med tilbodet etter at tremånadersperioden er over, kan frisklivsrettleiaren fornye resepten i samråd med deg.

Los-ord
Friskliv, frisklivssentral, frisklivsresept, røyk, røyking, snus, snusing, tobakk, alkohol, fysisk, psykisk, aktivitet, mental, fastlege, spesialisthelsetenesta, NAV, levevanar, inaktiv, trening, kosthald, kurs, resept, rus, levevanar

DebugView   v2