Introduksjonsprogram for nyleg kommen utlending

Beskrivelse

Kommunen tilbyr introduksjonsprogram for deg som er utlending og som treng grunnleggande ferdigheiter i norsk, innsikt i norsk samfunnsliv og førebuing til å ta del i yrkeslivet.

Programmet varer i inntil to år (med moglegheit til forlenging til tre år), går over heile året og er på full tid.

Programmet inneheld norskopplæring, samfunnskunnskap og arbeids- og utdanningsretta tiltak. Du får eit deltakarbevis når programmet er avslutta.

Tar du del i eit introduksjonsprogram, skal det utarbeidast ein individuell plan i samarbeid med deg. Planen blir utforma etter ei kartlegging av opplæringsbehovet ditt og vurdering av aktuelle tiltak. Planen skal vurderast på nytt dersom livssituasjonen din blir vesentleg endra, og elles med jamne mellomrom.

Tar du del i eit introduksjonsprogram, har du krav på introduksjonsstønad frå Nav. På årsbasis utgjer denne to gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Deltakar under 25 år får 2/3 stønad. Får du andre typar offentlege ytingar eller stønader, kan dette redusere introduksjonsstønaden.

Målgruppe

Nyleg kommen utlending mellom 18 og 55 år som treng grunnleggande ferdigheiter i norsk og samfunnsfag og førebuing til å ta del i yrkeslivet.

Du blir rekna som nyleg kommen når du har vore busett i ein kommune i mindre enn to år.

Vilkår

Rett og plikt til deltaking i introduksjonsprogram gjeld for deg som er busett i ein kommune med avtale med utlendingsstyresmaktene.

Du må ha opphald i Noreg på eitt av desse grunnlaga:

  • etter innvilga søknad om asyl
  • som overføringsflyktning
  • på grunnlag av sterke menneskelege omsyn
  • avgrensa opphaldsløyve som medlem av barnefamilie eller som ensleg mindreårig i påvente av dokumentert identitet
  • mellombels opphaldsløyve på grunnlag av reglane om kollektivt vern
  • familieinnvandring til personar som nemnd ovanfor
  • sjølvstedig grunnlag
Lover
Veiledning

Er du busett i kommunen, vil du få tilbod om deltaking i introduksjonsprogram. Du kan også sjølv ta kontakt med kommunen og be om dette.

Saksbehandling

Så snart du er busett i kommunen, pliktar kommunen å sørgje for deltaking i introduksjonsprogram. Du vil få eit tilbod om dette seinast tre månader etter at du er busett i kommunen eller sjølv har bedt om slik deltaking.

Kommunen kan innhente opplysingar om deg frå andre offentlege instansar. Dette kan kommunen gjere utan ditt samtykkje. Unntak gjeld for helseopplysingar der du må samtykkje før opplysingar kan hentast inn eller utvekslast. Kommunen pliktar å registrere personopplysingar om deltakarar i introduksjonsprogrammet i registra til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og HK-dir.

Klage

Du kan klage på avgjerder om:

  • tildeling av introduksjonsprogram og introduksjonsstønad 
  • vesentlege endringar i den individuelle planen 
  • at introduksjonsprogrammet blir stansa 
  • permisjon
  • trekk i introduksjonsstønaden med 50 prosent eller meir av ei enkelt utbetaling

Fristen for å klage er tre veker frå du tok imot vedtaket.

I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Treng du hjelp med dette, kan kommunen hjelpe deg.

Send klagen til den avdelinga som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan klagen sendast vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
Introduksjon, norskopplæring, samfunnskunnskap, asylsøkjar, integrering, flyktning, innvandrar

DebugView   v2