Avlasting barn og unge

Beskrivelse

Har du dagleg omsorg for eit barn eller ein ungdom med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan du søkje om å få avlasting. Du kan også søkje om avlasting for omsorgsoppgåver dersom du sjølv er funksjonshemma eller sjuk.

Avlastinga kan vere nokre timar, døgn eller helgar per månad, eller meir omfattande ordningar. Avlastinga kan vere i:

  • heimen til barnet eller ungdommen
  • heimen til avlastaren
  • ein avlastingsbustad lagt spesielt til rette for barn og unge

Formålet med avlastinga er å:

  • hindre overbelasting hos deg som omsorgsytar 
  • gi deg som omsorgsytar nødvendig fritid og ferie 
  • oppretthalde gode familierelasjonar og ta vare på sosiale nettverk
  • gi deg som omsorgsytar høve til å delta i vanlege samfunnsaktivitetar

Tilbodet skal medverke til at barnet eller ungdommen kan bu heime så lenge det er ønskjeleg og naturleg.

Målgruppe
  • Foreldre, føresette eller familie til barn eller ungdom med funksjonshemming eller kronisk sjukdom
  • Foreldre eller føresette som sjølve er funksjonshemma eller alvorleg sjuke
Vilkår
  • Omsorgsarbeidet du utfører må vere særleg tyngande.
  • Du må ha eit reelt behov for avlasting.
Lover

Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-6 (Kommunen sitt ansvar ovanfor pårørande)

Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-8 (Tiltak ved særleg tyngande omsorgsoppgåver)

Veiledning

For å få avlasting sender du søknad til kommunen. Søknaden bør vere detaljert og beskrive behova dine. Ta med opplysningar om:

  • på kva slags måte omsorgsarbeidet er fysisk eller psykisk belastande
  • omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn
  • omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
  • du er heimeverande med barnet eller ungdommen
  • barnet eller ungdommen har andre dagtilbod
  • det er andre barn i familien
  • du er åleine om omsorga
Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Godkjenner kommunen avlasting, får du ei skriftleg avgjerd om type avlasting og korleis denne skal organiserast.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
korttidsopphald, avlasting, avlastingsopphald, avlasting, avlastingsbustad, avlastingsheim, avlastingsopphald, avlastingstiltak, avlastingstilbod, opphald, rehabilitering, omsorg, hjelp, hjelpetiltak, ferie, fritid, kvile, rekreasjon, belastingsskade, overbelasting, pleietrengande, omsorgstrengande, omsorgsgivar, omsorgsytar, omsorgsarbeid, omsorgsarbeidar, omsorgsoppgåver, omsorgsbustad, pleiemottakar, omsorgsmottakar, funksjonshemma, funksjonshemming, handicap, handikap

DebugView   v2