Leksehjelp - grunnskolen

Beskrivelse

Er du elev i grunnskolen kan du få gratis leksehjelp. Leksehjelp er ikkje ein del av opplæringa di, men eit frivillig tilbod til deg som elev.

Leksehjelp skal støtte opplæringa di og bidra til meistring og sjølvstendig jobbing. Hjelpa skal også bidra til å jamne ut sosiale skilnader i opplæringa.

Kommunen pliktar å tilby leksehjelp og vel korleis tilbodet skal fordelast på dei ulike årstrinna. Tilbodet skal ikkje avgrensast til elevar som har ekstra behov for opplæring.

Om leksehjelpa er eit tilbod som inngår i SFO-tida, kan likevel alle elevar delta gratis, også dei som ikkje er påmelde på SFO.

Kommunen pliktar å sørgje for forsvarleg tilsyn med elevane i leksehjelpa. Kommunen skal også sørgje for at du og dei andre elevane i leksehjelpa får god rettleiing, og at det psykososiale miljøet er godt. Elevgruppa skal ikkje vere større enn at du blir følgt opp individuelt.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen.

Klage

Er du misnøgd med leksehjelpa, kan du ta dette opp med kontaktlærar eller den som er ansvarleg for leksehjelpa. Blir ikkje synspunkta dine høyrde, kan du klage skriftleg til rektor.

Du og dei føresette kan be om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Kommunen skal behandle saka så snart som mogeleg. Viss kommunen ikkje har fatta vedtak innan rimeleg tid, kan du likevel klage som om vedtak er fatta.

Los-ord
skole, undervisning, fritid, SFO, leksehjelp, lekser

DebugView   v2