Fasadeendring

Beskrivelse

Fasadeendring er tiltak som medfører at utsjånaden på eit hus eller ein bygning blir endra.

Fasadeendringar blir delte inn i to kategoriar:

  • Vesentleg endring av fasaden: Dersom den planlagde fasadeendringa medfører at den utvendige karakteren til bygningen blir endra, må du søkje kommunen om løyve. Du må bruke eit ansvarleg firma til å utforme og sende søknaden.
  • Mindre endring av fasaden: Dersom den planlagde fasadeendringa ikkje medfører at den utvendige karakteren til bygningen blir endra eller tilbakeført til tidlegare dokumentert utføring, treng du normalt ikkje sende søknad til kommunen. Du må likevel oppfylle ei rad vilkår. Ønskjer du dispensasjon frå desse vilkåra, må du sende søknad.
Målgruppe

Hus- og tomteeigarar

Vilkår
  • Du må ha sendt nabovarsel. Ved mindre fasadeendring er det ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan vere ein fordel at du kontaktar naboar og tverrbuar som det kan vedkomme.
  • Fasadeendringa må vere i samsvar med vedtektene om estetikk i 
    plan- og bygningslova.
  • Fasadeendringa må oppfylle alle relevante byggtekniske krav.
  • Fasadeendringa må ikkje vere i strid med kommuneplanens arealdel eller
    reguleringsplan. 
  • Ved mindre fasadeendring er det dessutan eit vilkår at endringa ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene.
Lover

Plan- og bygningslova § 21-4 (Behandling av søknaden i kommunen)

Plan- og bygningslova § 21-7 (Tidsfristar med særskilde effektar)

Byggesaksforskriften

Veiledning

Søknad om vesentleg endring av fasaden skal sendast inn av eit firma med rett kompetanse (ansvarleg søkjar), for eksempel ein byggmester, entreprenør eller arkitekt. I enkelte tilfelle kan kommunen etter søknad gi eigaren av bygningen ein personleg rett (ansvarsrett) for å gjennomføre fasadeendringa som sjølvbyggjar.

Dersom det berre skal gjerast mindre endring av fasaden, kan du som tiltakshavar gjere endringa, som sjølvbyggjar, utan bruk av ansvarleg firma og utan å sende søknad.

Er du i tvil om fasadeendringa krev søknad, kan du be om ein førehandskonferanse med kommunen

Saksbehandling

Søknader om vesentleg endring skal kommunen behandle innan tolv veker. Fristen kan forlengast dersom tiltaket er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve frå andre styresmakter.

Dersom du må søkje dispensasjon for ei mindre endring, må kommunen gi deg eit svar innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har svart innan fristen, blir løyve rekna som gitt.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen. Fristen er tre veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, kan saka sendast vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
tilbygg, endring, forandring, vindauge, bygning, fasade

DebugView   v2