Adopsjon frå utlandet

Beskrivelse

Å adoptere eit barn inneber å ta det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får dei same rettane som om det var ditt eige biologiske barn.

Målet med adopsjon er å gi barnet ein god og varig heim. Adopsjon skjer derfor først når ein er sikker på at det er best for barnet.

Utanlandsadopsjon skjer gjennom éin av dei tre godkjende adopsjonsorganisasjonane; Adopsjonsforum, InorAdopt eller Verdens barn. Dei vil gi deg råd om val av land og hjelpe deg gjennom prosessen.

Målgruppe

Du må vere fylt 25 år, ha ønskje om og evne til å adoptere eit barn og ha føresetnader for å vere ein god omsorgsperson.

Vilkår

For å kunne adoptere eit barn frå utlandet må du først søkje om førehandssamtykke frå norske styresmakter. Desse vilkåra blir stilte:

  • Du har god helse både fysisk og psykisk
  • Du har trygg og stabil økonomi
  • De har vore gifte eller sambuande i minimum to år dersom de er to som søkjer
  • Du bør ha spesielle ressursar i forhold til barn dersom du er einsleg søkjar.

Landet du ønskjer å adoptere frå kan ha eigne krav til deg, t.d. minimums- eller maksimumsalder, statsborgarskap, at du er gift, lengda på ekteskapet, utdanningsnivå, inntekt osb. Slike krav har adopsjonsorganisasjonen oversikt over. Givarlandet gir den endelege godkjenninga.

Lover
Veiledning

Når du har søkt om førehandssamtykke, vil Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) kontakte deg for ei utgreiing. Bufdir kan innhente opplysningar frå kommunen, men må først få eit samtykke frå deg.

Kommunen skal òg hjelpe til etter at barnet har komme til Noreg, slik at adopsjonen kan gjennomførast.

Klage

Får du avslag på søknad om førehandssamtykke, kan du klage. Klagefristen er tre veker frå du tok imot avslaget. Send klagen til regionkontoret du fekk avslaget frå. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avslaget ikkje vert endra, sender regionkontoret klagen din vidare til Bufdir sentralt som tek den endelige avgjørelsen.

Los-ord
Adopsjon, adoptere, utlandet, adopsjonsorganisasjon, foreldre, barn,

DebugView   v2