Førehandskonferanse

Beskrivelse

Ein førehandskonferanse er ei frivillig ordning der tiltakshavar og kommunen møtest for å diskutere eit planlagt byggetiltak og eventuell vidare saksbehandling. Førehandskonferanse kan brukast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova, også for tiltak som er fritekne for søknadsplikt, og skal haldast før ein sender ein eventuell søknad eller ei melding til kommunen.

Dersom du sjølv er tiltakshavar, kan du møte til konferansen åleine. Dersom gjennomføringa av tiltaket krev eit firma (som då er ansvarleg søkjar), blir begge rådde til å møte. Kommunen kan òg kalle inn fagstyresmakter og andre vedkommande til konferansen, eventuelt etter ønskje frå deg som tiltakshavar.

De skal på førehand vere gjensidig orienterte om kven som skal delta.
I førehandskonferansen skal partane gi kvarandre gjensidig informasjon, slik at du og eventuelt den ansvarlege søkjaren skal få oversikt over kva for mogelegheiter regelverket gir for det byggeprosjektet du har tenkt å gjennomføre.

I møtet blir det avklart om byggeprosjektet er søknadspliktig, meldingspliktig eller er fritatt søknads-/meldeplikt, og om ein må søkje om dispensasjon frå gjeldande regelverk.

Kommunen gir nødvendig informasjon om blant anna:

  • Arealplanar og infrastruktur
  • Aktuelle lover, forskrifter og retningslinjer
  • Dokumentasjonskrav
  • Krav til plassering av tiltaket
  • Tilsyn, ansvarsreglar og krav til ansvarleg føretak

Kommunen informerer òg om saksgang, behandlingstid og gjeldande gebyr.

Kommunen fører referat frå førehandskonferansen, som blir underteikna av partane. Referatet skal følgje med som saksdokument i den vidare saksbehandlinga.

Målgruppe

Alle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslova.

Lover

Plan- og bygningslova § 21-1 (Førehandskonferanse)

Byggesaksforskrifta § 6-1 (Førehandskonferanse)

Byggesaksforskrifta § 7-1 (Tidsfristar for kommunen og klageinstansen sin saksbehandling, punkt a)

Veiledning

Kommunen har plikt til å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar, eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det. Kommunen kan òg, i enkelte tilfelle, sjølv krevje ein førehandskonferanse.

Førehandskonferansen skal haldast innan to veker etter at førespurnad er send. Er bygningen din øydelagd av brann, naturskade e.l., skal førehandskonferansen haldest innan fem dagar.

Før konferansen må kommunen få informasjon om følgjande når det gjeld tiltaket:

  • innhald
  • omfang
  • plassering
  • framdrift
  • aktuelle ansvarlege utøvarar 
  • andre føresetnader

Aktuelle vedlegg vil vere situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt beskriving av ønskje om dispensasjon frå regelverket.

Los-ord
Førehandskonferanse, byggesak, tiltakshavar, søkjar, ansvarleg søkjar, tiltak

DebugView   v2