Samarbeid mellom heim og skole

Beskrivelse

Eit godt samarbeid mellom heim og skole er ein viktig føresetnad for at barn og unge skal få eit godt læringsmiljø. Skolen skal leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at barn og foreldre medverkar i skolen.

Dette blir mellom anna gjort ved at skolen har følgjande råd og utval:

Elevrådet har som oppgåve å representere elevane på skolen overfor rektor og andre som bestemmer. Det betyr at dersom det er noko du ikkje er fornøgd med på skolen, kan du ta det opp i elevrådet. Det er vanleg at kvar klasse vel sin elevrådsrepresentant i starten av skoleåret. For 1. til 4. trinn er det ikkje krav om deltaking i elevrådet.

Foreldrearbeidsutvalet (FAU) skal jobbe for å skape eit godt samarbeid mellom heimen og skolen. Foreldra vel representantar til FAU frå kvar klasse.

Samarbeidsutvalet (SU) er skolens øvste rådgivande organ og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen. SU skal ha desse medlemmane:

  • to elevar, vanlegvis frå elevrådet
  • to foreldre, der FAU-leiaren er den eine
  • to representantar frå undervisningspersonalet
  • ein representant for andre tilsette ved skolen
  • to representantar frå kommunen, der rektor er den eine

Skolemiljøutvalet (SMU) skal sikre at skolen har eit systematisk arbeid for eit godt skolemiljø. SMU skal vere eit rådgivande organ for skolen i saker knytte til dette. Elevane, foreldra, skolen, tilsette i skolen og ein representant frå kommunen skal vere representerte. Foreldre og elevar skal til saman ha fleirtal i SMU.

Råda og utvala har rett til å uttale seg og komme med forslag i alle saker som gjeld skolen. Dei skal løpande orienterast om forhold som har betyding for skolemiljøet, og skal på førespurnad få lagt fram dokumentasjon om det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen. Dei skal så tidleg som mogeleg bli tatt med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltak.

Skolen skal ha nulltoleranse mot alle former for krenking, mobbing og vald. Skolen skal arbeide aktivt og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane.

Skolen har ei aktivitetsplikt for å sikre godt psykososialt miljø. Dette inneber at alle tilsette ved skolen skal følgje med og gripe inn mot mobbing, vald og diskriminering. Får ein tilsett ved skolen kjennskap til eller mistanke om at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal den tilsette varsle rektor.

Elevar og foreldre kan også melde frå sjølve når dei ikkje opplever skolemiljøet som trygt og godt. Skolen har plikt til å undersøkje saka snarast mogeleg. Er det behov for tiltak for å betre forholdet, skal skolen lage ein skriftleg plan for dette.

Målgruppe
  • Elevar og foreldre i grunnskole
  • Medlemmar av elevråd, FAU, SU og SMU
Lover

Opplæringslova § 8-1 (Skolen)

Opplæringslova kap. 9a (Elevane sitt skolemiljø)

Opplæringslova kap. 11 (Organ for brukarmedverknad i skolen)

Barnelova § 30 (Innhaldet i foreldreansvaret)

Forskrift til opplæringslova

Veiledning

Ingen av råda eller utvala har vedtaksmyndigheit, men dei gir elevar og foreldre høve til å utveksle meiningar og å komme med felles fråsegner.

Foreldre skal ha eit reelt høve til å kunne utøve påverknad på eigne barns faglege og sosiale utvikling, ved at dei får:

  • informasjon om måla for opplæringa i faga, den faglege utviklinga til elevane i forhold til måla og korleis heimen kan bidra til å fremje måloppnåinga til elevane. 
  • informasjon om korleis opplæringa er lagd opp, og kva for arbeidsmåtar og vurderingar som blir brukte. 
  • informasjon om korleis skolen arbeider for å fremje eit godt psykososialt miljø. 
  • nødvendige opplysningar for å kunne delta i drøftingar om utviklinga av skolen.
Klage

Er du misnøgd med samarbeidet med skolen, kan du ta dette opp med rektor. Blir ikkje synspunkta dine høyrde, kan du klage skriftleg til kommunen.

Har du meldt frå til skolen om krenking eller forhold der skolemiljøet ikkje blir opplevd som trygt og godt, kan du også melde saka til Statsforvaltaren i fylket. Statsforvaltaren skal undersøkje om skolen har oppfylt aktivitetsplikta si.

Los-ord
brukarmedverknad, grunnskole, grunnskoleopplæring, barn, skole, undervisning, opplæring, elev, skolemiljø, samarbeid, barneskole, skolemiljøutval, skoleutval, samarbeidsutval, SU, FAU, SMU, elevråd, foreldreråd, skoletilknyting, påverke, mobbing, erting, erstatningsansvar, psykososialt, førebyggje

DebugView   v2