Driveplikt

Beskrivelse

Eig du eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Å oppfylle driveplikta inneber at produksjonseigenskapane på jorda blir haldne ved lag og at arealet blir nytta til vanleg jordbruksdrift. Det er ikkje krav til driftsform, så lenge drifta er slik at produksjonseigenskapane ikkje blir dårlegare over tid.

Du oppfyller driveplikta med å:

  • drive sjølv
  • leige bort jorda til andre

Dersom du ikkje ønskjer å drive jordbruksarealet sjølv, eller ikkje er i stand til å leige det ut, kan du søkje kommunen om midlertidig eller varig fritak frå driveplikta. Kommunen kan setje vilkår for fritaket.

Du kan leige bort jorda eller søkje om fritak frå driveplikta for heile eller delar av jordbruksarealet.

Målgruppe

Eigar av jordbrukseigedommar

Vilkår

Innan eitt år frå du tar over eigedommen må du bestemme om du ønskjer å drive jorda sjølv eller leige bort. I dette året pliktar du å sørgje for at jorda blir driven. Ved bortleige må du inngå ein avtale som:

  • er skriftleg og uoppseieleg for deg
  • gjeld for minst 10 år 
  • fører til driftsmessig gode løysingar

Ved søknad om fritak frå driveplikt vil kommunen leggje vekt på:

  • kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • størrelsen og avkastingsevna til arealet
  • om annan jordbrukseigedom i området treng arealet som tilleggsjord
  • livssituasjonen din og evna di til å drive sjølv
Lover

Jordlova § 8 (Driveplikt)

Jordlova § 8 a. (Fritak frå driveplikt)

Veiledning

Er du usikker på kva slags areal som er på eigedommen, kan du kontakte kommunen eller sjekke gardskart på internett.

Ved bortleige av jorda skal du sende kopi av inngått avtale til kommunen. Dette gjeld for alt areal på over 5 dekar. Er du i tvil om avtalen om bortleige oppfyller lovkrava, kan du sjekke med kommunen. Sjølv om avtalen er uoppseieleg for deg, kan du heve avtalen dersom denne blir misleghalden av leigetakaren.

Ønskjer du fritak frå driveplikta, sender du ein grunngitt søknad om dette til kommunen.

Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Søknadsfrist

Ved søknad om fritak må du søkje innan eitt år frå du tar over eigedommen.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Du vil få eit skriftleg svar på søknaden frå kommunen. Får du avslag på søknaden, må kommunen grunngi avslaget.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Både du som søkjer og andre med rettsleg klageinteresse kan klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
landbrukseigedom, landbruk, driveplikt, eigedom, gard, overdraging, erverv, fritak, drift, drifting, konsesjon, odel, bustad, tomt, kjøp, sal, tinglysing, grunneigar, arv, gåve, skifte, leigetakar, utbyggjar, forvalting, forvaltning, grunn, næring, miljø, naturvern, busetting, busetjing, jord, dekar, jordbruk, dyrka mark, areal, forpakting, forpaktar, landbruksdrift, jordbruksdrift, landbruksareal, jordbruksareal, dyrking, beite, beitemark, innmark, utleige, bortleige

DebugView   v2