Økonomisk sosialhjelp

Beskrivelse

Slit du med økonomien og klarer ikkje skaffe nok pengar til nødvendige utgifter som mat, husleige og straum? Når alle andre alternativ for inntekt er vurderte eller prøvde ut, kan økonomisk sosialhjelp frå NAV vere ei midlertidig løysing for å hjelpe deg ut av problemet.

Målet med økonomisk sosialhjelp er å gi deg ein levestandard på eit rimeleg og nøkternt nivå, samtidig som du raskast mogeleg skal bli i stand til å klare deg sjølv.

NAV vil vurdere situasjonen din og kan gi:

  • pengar i ein avgrensa periode
  • støtte i form av varer eller tenester
  • lån eller garanti for lån, dersom du har økonomi til å betale tilbake på sikt
  • rettleiing og oppfølging

Har du forsørgjaransvar, vil NAV ta spesielt omsyn til behova til barna. For eksempel kan dei ha behov for å ta del i alminnelege skole- og fritidsaktivitetar.

Målgruppe

Du kan søkje økonomisk sosialhjelp viss du:

  • oppheld deg lovleg i Noreg og har fast bustad
  • ikkje har pengar til nødvendige utgifter som mat, husleige eller straum
  • ikkje klarer å skaffe pengar gjennom jobb eller andre inntektskjelder
Vilkår

Du må først ha prøvd alle andre alternativ til å forsørgje deg sjølv. NAV kan spørje om du for eksempel:

  • er registrert som aktiv arbeidssøkjar i NAV
  • har søkt om bustøtte
  • har nytta andre trygdeordningar

Er du under 30 år, krevjer NAV at du tar del i aktivitetar som kan gjere deg økonomisk sjølvhjelpen. NAV kan også stille krav til deg som er over 30 år, til dømes kan du bli sett til passande arbeid i kommunen.

Du har ikkje rett på økonomisk sosialhjelp når du oppheld deg i utlandet.

Lover

Lov om sosiale tenester i NAV, kap. 4 (Individuelle tenester)

Veiledning

NAV-kontoret i kommunen der du bur kan hjelpe deg med søknaden. Du kan også be andre hjelpe deg viss du har behov for det, men vedkommande må ha fullmakt frå deg for å sende inn søknad på vegner av deg.

Saman med søknaden må du mellom anna leggje ved kopi av:

  • Gyldig legitimasjon
  • Dokumentasjon på butilhøve
  • Fakturaer som viser utgifter til for eksempel husleige, bustadlån og straum
  • Lønsslipp og dokumentasjon på anna inntekt/formue
  • Kontoutskrift(er)
  • Siste skattemelding (sjølvmelding) og skatteoppgjer (kan hentast frå Skatteetatens nettsider)
  • Dokumentasjon på opphaldsløyve

Har du fått sosialhjelp tidlegare, kan du som regel bruke ein forenkla søknad.

Saksbehandling

Søknaden din blir behandla så raskt som mogeleg, men kan bli forseinka dersom du ikkje kan dokumentere situasjonen du gjer greie for i søknaden. NAV-kontoret vil ofte trenge ein samtale med deg før søknaden din blir behandla ferdig og vil då be om utfyllande opplysningar og dokumentasjon.

Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når NAV ventar å kunne svare deg.

Når søknaden er behandla ferdig, får du ei skriftleg avgjerd frå NAV. I avgjerda står det:

  • om du vil få økonomisk sosialhjelp
  • kva slag sosialhjelp du får
  • kor mykje du ev. får betalt ut
  • om NAV stiller krav til aktivitet

NAV brukar statlege, rettleiande satsar og retningslinjer for å berekne beløpet du får betalt ut. Nokre kommunar har eigne rettleiande satsar.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda NAV har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. NAV-kontoret kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen direkte til NAV-kontoret i kommunen. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender NAV klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
sosialhjelp, sosialen, gjeldsrådgiving, sosialstønad, økonomisk støtte, økonomisk hjelp, bidrag, økonomi, yting, stønad, lån, lånegaranti, livsopphald, gjeld, bistand, pengar, pengehjelp, kontantar, pengeproblem, gjeldsslave, gjeldsoffer, gjeldssanering, betalingsevne, betalingsproblem, betalingsmerknad, inkasso, kredittverdig, kreditor, konkurs

DebugView   v2