Helsestasjon (0-5 år)

Beskrivelse

Har du nettopp fått barn, eller har barn opp til skolealder, får du tilbod om oppfølging av barnet på helsestasjonen. Dette er eit helsefremjande og førebyggjande tilbod frå kommunen.

Helsestasjonen gir mellom anna tilbod om:

  • heimebesøk til nyfødde
  • ammerettleiing
  • regelmessige helseundersøkingar av barnet utført av helsesjukepleiar (helsesøster) og lege. Vekt og lengde blir registrerte og utviklinga og trivnaden til barnet blir vurdert.
  • rettleiing og rådgiving om f.eks. søvn, mat, samspel og åtferd hos barnet.
  • vaksinasjon av barnet i tråd med vaksinasjonsprogrammet
  • tilvising til andre kommunale tenester eller spesialistar ved behov
  • barseltreff for mødrer med nyfødde barn

OBS! Ved akutt sjukdom tar du kontakt med fastlegen til barnet.

Målgruppe

Alle barn i aldersgruppa 0-5 år, både eigenfødde og adoptivbarn, og deira foreldre.

Lover
Veiledning

Når du har fått barn, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for enten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.

Klage

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til helsestasjonen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
Helsestasjon, barselgruppe, helsesøster, helsesjukepleiar, helsetenester, vaksine, amme, helseundersøkingar, utvikling, åtferd, barsel, barseltreff, heimebesøk, søvn

DebugView   v2