Landbruksveg – bygging

Beskrivelse

Skal du byggje ny landbruksveg eller byggje om ein eksisterande landbruksveg, må du søkje kommunen om godkjenning. Skal du samtidig etablere massetak i samband med bygging og vedlikehald av vegen, må du også søkje om dette.

Vegen skal fremje rasjonell landbruksdrift og ta ivare heilskapsløysingar for skogbruk og jordbruk, uavhengig av eigedomsgrenser. Dei miljømessige konsekvensane som bygging og bruk av vegen vil ha for naturmiljø, landskap, kulturminne og friluftsliv, vil bli vurderte. I alle vegsaker skal det gjerast vurderingar etter naturmangfaldlova.

Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel eller midlertidig driftsveg som berre medfører uvesentlege inngrep i terrenget, treng du ikkje søkje.

Målgruppe

Landbruksføretak

Vilkår

Avkøyringar frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjende av vegstyresmaktene.

I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen setje tekniske og miljømessige vilkår. Kommunen kan også setje vilkår som avgrensar motorferdsel på vegen, for eksempel stenging ved bom.

Lover
Veiledning

Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. På førehand må du informere dei som veganlegget vedkjem. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for kva for nytte utbygginga vil ha og korleis du kan avgrense faren for flom, erosjon, lausmasseskred og annan negativ påverknad på miljøet.

Som vedlegg til søknaden må du leggje ved eit kart som viser:

  • planlagd veg
  • eksisterande vegar i området
  • planlagt massetak i samband med vegbygginga
  • dekningsområdet vegen har nytte for (gjeld skogsveg)
  • driftsområdet (gjeld enkel eller midlertidig driftsveg)
  • ev. alternative vegtrasear

Du må også merke av følgjande dersom det er omfatta av vegtiltaket:

  • kjende miljøverdiar
  • område med kjend skredfare
  • eksisterande bygningar eller annan infrastruktur
Saksbehandling

Ved bygging av landbruksvegar med ei lengde på over 5 kilometer, vil kommunen vurdere om dei skal konsekvensutgreie tiltaket før dei gjer vedtak. 

Før kommunen fattar eit vedtak, skal partane som det vedkjem få høve til å uttale seg om saka. Dette kan vere kulturminnestyresmaktene, Statens vegvesen, Jernbaneverket, Statsforvaltaren mfl. Kommunen set ein frist for når fråsegnene skal vere gitt, og registrerer søknaden i Økonomisystem for skogordningane (ØKS).

Kommunen gjer vurderingar i samsvar med naturmangfaldlova § 7 og kan:

  • godkjenne søknaden
  • setje vilkår for godkjenning av søknaden
  • avslå søknaden heilt eller delvis

Ved godkjend søknad set kommunen tidsfrist for oppstart av tiltaket. Dersom fristen ikkje blir halden, fell godkjenninga bort. I nokre tilfelle kan kommunen forlenge fristen.

Når vegen er ferdig bygd eller ombygd, skal du melde frå til kommunen om at vegtiltaket er klart for godkjenning, innan fristen kommunen har sett i vedtaket. Kommunen gjennomfører godkjenning og registrerer dette i ØKS.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
Vegbygging, landbruk, landbruksveg, privat veg, driftsveg, veganlegg, skogsveg, skogsbilveg, skogbruk, skogbruksveg, skogsdrift, skogdrift, jordbruksvei, jordbruksveg, jordbruk, avkøyring, avkøyringsløyve, oppstillingsplass, parkeringsplass, massetak, velteplass, lunningsplass, lunneplass, gardsveg, gardsbruk, gardsdrift

DebugView   v2