Privat avkøyring frå offentleg veg

Beskrivelse

Skal du lage ei ny avkøyring eller flytte eller endre bruken av ei eksisterande avkøyring frå kommunal veg, må du søkje kommunen om løyve.

Skal avkøyringa gå frå fylkesveg eller riksveg, må du sende søknaden til fylkeskommunen eller Statens vegvesen.

Ei avkøyring er alle køyrbare tilknytingar mellom offentleg veg og privat eigedom, dvs. området frå vegkanten til tilstøytande privat terreng. Til avkøyring reknar ein også tilknyting for fotgjengarar.

Målgruppe

Grunneigarar og utbyggjarar.

Vilkår

Du må etablere avkøyringa i samsvar med kommunens reguleringsplan og statlege og kommunale retningslinjer. I tillegg vil vegstyresmaktene leggje stor vekt på tryggleik ved vurdering av søknaden. Viss området ikkje er regulert, eller det ikkje er planar for avkøyring i reguleringsplanen, vil søknaden bli behandla etter vedtektene i veglova.

Lover
Veiledning

Du kan kontakte kommunen for rettleiing og informasjon om reguleringsplanen for området.

Du kan søkje som privatperson eller med hjelp av eit ansvarleg firma, som då står ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet sender søknaden på dine vegner og fungerer som bindeledd mellom deg, kommunen og ev. andre som skal hjelpe til med arbeidet.

Desse vedlegga må følgje søknaden:

  • situasjonskart (kart som inneheld opplysningar om grensene til eigedommen, areal, høgdekotar og gards- og bruksnummer) med planlagd avkøyring teikna inn
  • teikning av avkøyringa påført alle relevante mål
Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Du vil få eit skriftleg svar på søknaden frå kommunen. Får du avslag på søknaden, må kommunen grunngi avslaget.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
Vegbygging, avkøyringsløyve, avkøyring, landbruksveg, jordbruksveg, gardsveg, hytteveg, privatveg, privat veg, landeveg, anleggsveg, bilveg, sykkelveg, gangveg, køyreveg, utkøyring, innkøyring, fortau, fotgjengar, grusveg, asfaltveg, skogsveg, skogsbilveg, skogbruksveg, garasje, driftsveg, veganlegg, vegnett, trafikk

DebugView   v2