Feste av kommunal tomt – innløysing

Beskrivelse

Når du fester ei kommunal tomt, leiger du denne gjennom å betale ei årleg festeavgift til kommunen. Leigeperioden, det vil seie festetida, kan vere avgrensa eller på livstid. Innløysing av festeavtalen inneber at du overtar retten til tomta gjennom å kjøpe henne frå kommunen.

Du kan krevje å få innløyst ei festetomt etter 30 år (om ikkje kortare tid er avtalt), eller når festetida er ute.

Etter 30 år av festetida, kan du også krevje å få innløyst festetomta:

  • annakvart år for bustad
  • kvart tiande år for fritidshus

Fester du ei tomt på livstid, kan følgjande personar krevje innløysing av tomta etter din død:

  • ektemake
  • livsarvingar
  • fosterbarn som er likestilte med livsarvingar
  • personar som dei siste to åra har høyrt til same husstand som deg
Målgruppe

Personar som eig bustad eller fritidshus på ei kommunal festa tomt, eller deira arvingar.

Vilkår

Innløysing av tomtefeste er regulert i tomtefestelova § 37 og innløysingssummen kan bereknast på to måtar:

  • Med utgangspunkt i den festeavgifta du betaler til kommunen, blir innløysingssummen berekna til 25 gonger den festeavgifta du betaler på innløysingstidspunktet, regulert med konsumprisindeksen (KPI). Dersom de har avtalt ein lågare innløysingssum, er det denne som skal brukast.
  • 40 % av tomteverdien på innløysingstidspunktet med frådrag for eventuell verdiauke som du har tilført tomta. Tomteverdien kan ikkje setjast høgare enn marknadsverdien.

I praksis vil kommunen berre nytte seg av høvet til å krevje innløysing til 40 % av tomteverdien i dei tilfelle der tomta er relativt verdifull og/eller festeavgifta er relativt låg.

Lover

Tomtefestelova kap. 6 (Innløysing og forlenging)

Plan- og bygningslova § 33-1 (Gebyr)

Dokumentavgiftslova kap. 2 (Dokument som gjeld rettar i fast eigedom)

Veiledning

Ønskjer du å løyse inn ei festa tomt, sender du eit skriftleg krav til kommunen seinast eitt år før innløysingstida er ute. Fortel kva tomt det gjeld, utløpsdato for festetida, fødselsnummer og kontaktinformasjon.

Søknadsfrist

Krav om innløysing av festa tomt må sendast kommunen seinast eitt år før festeavtalen går ut.

Er festaren avliden, er fristen eitt år etter at festaren døydde.

Saksbehandling

Når kommunen har tatt imot kravet ditt, sender dei deg ei erklæring om sletting av festekontrakt. Denne må underteiknast av deg som festar og returnerast til kommunen. Saman med erklæringa får du ein faktura for kjøpesummen og kostnadene til kommunen knytte til innløysinga.

Når kommunen har tatt imot underteikna erklæring og du har betalt fakturaen, sender kommunen skøytet til tinglysing. Du får det tinglyste skøytet og ein faktura frå Kartverket.

Kommunen stoppar innkrevjing av festeavgifta frå det tidspunktet du har betalt for tomta.

Los-ord
tomtefeste, eigedomskjøp, eigedomssal, bygsel, festetomt, leigetomt, hytte, bustad, eigedom, innløysing, tinglysing, eigedomsoverdraging, tomtekjøp, tomtesal, fritidshus, hus, fritidsbustad, fritidseigedom, hyttetomt, bustadtomt, festekontrakt, festetid, leige, bortleige, utleige, tomteleige, festesum, festeavgift, leigeavtale, festeavtale, KPI, innløysingsrett,

DebugView   v2