Heimesjukepleie

Beskrivelse

Dersom du på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting er avhengig av hjelp i eigen heim for å få dekt behovet ditt for pleie og helsehjelp, kan du søkje kommunen om heimesjukepleie.

Blir du utskriven frå sjukehus og har eit vedvarande pleiebehov, vil sjukehuset informere kommunen, som sender ein sjukepleiar heim til deg.

Heimesjukepleie kan m.a. omfatte:

  • sårbehandling
  • personleg stell og pleie
  • handtering av medisinar og setjing av sprøyter
  • tilrettelegging og hjelp ved måltid
  • hjelp til å koordinere helsetenestene
  • akutt hjelp og tilsyn i heimen ved bruk av tryggleiksalarm

Heimesjukepleien kan også gi opplæring og rettleiing for at du skal bli mest mogeleg sjølvhjelpen.

Tenesta blir utført av sjukepleiarar eller andre helsearbeidarar.

Målgruppe

Personar med: 

  • skade eller sjukdom med avgrensa lengde
  • kronisk sjukdom eller funksjonssvikt
  • pleiebehov på grunn av funksjonsnedsetting
Vilkår

Du er ikkje i stand til å oppsøkje helsehjelp på eiga hand og er avhengig av å få hjelp heime hos deg sjølv.

Lover

Helse- og omsorgstenestelova kap. 3 (Kommunenes ansvar for helse- og omsorgstjenester)

Pasient- og brukarrettslova § 2-1a (Rett til nødvendig hjelp fra kommunens helse- og omsorgstjeneste)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Verdigheitsgarantiforskrifta

Veiledning

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om heimesjukepleie, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Blir du send heim frå sjukehus og har eit vedvarande pleiebehov, treng du ikkje søke.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen vil avtale eit heimebesøk for å kartleggje behovet ditt og deretter bestemme kva slags og kor mykje hjelp du skal få.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
heimesjukepleie, sjukepleie, livshjelp, psykiatrisk, terminal pleie, medisin, medisinering, sprøytesetting, sprøyter, omsorgsteneste, eldre, gammal, omsorg, sjukdom, funksjonshemma, funksjonshemming, handicap, handikap, skade, ulykke, omsorgstrengande, pleietrengande, pleiemottakar, omsorgsmottakar, funksjonsnedsetting, rehabilitering, habilitering, pleie, medikament, medikamenthandtering, sårstell, sårbehandling, bandasje, bandasjeskift, kateter,

DebugView   v2