Forvaltningsplan
Fitjar kommune har ein kommunal forvaltningsplan for hjort som legg føringar for korleis me skal handtera hjortebestanden dei neste åra. Planen er utarbeidd i samarbeid med lokale vald og jaktlag, og byggjer på nasjonale føringar.
Forvaltningsmål for Fitjar kommune 2025-2030 Vedtatt 23.04.2025
Søknad om felling og rapportering
Fellingsløyve: For å fella hjort må ein ha godkjent vald og få tildelt fellingsløyve frå kommunen.
Rapportering: Etter endt jakt skal det rapporterast fellingsdata via Sett og skutt eller via Hjorteviltregisteret.
Viktige fristar
Dato | Kva | Kven |
---|---|---|
15. januar | Fremje forslag om nytt minsteareal | Alle partar med interesse (kven som helst) |
15. mars | Fastsetjing av forskrift om minsteareal | Kommunen |
1. april | Trekke eigedom ut av godkjent eller omsøkt vald | Jaktrettshavar |
Trekke eit vald ut av godkjent bestandsområde | Valdansvarleg | |
1. mai | Søkje om godkjenning av vald | Valdansvarleg |
Melde endringar i valdet til kommunen | Valdansvarleg | |
Søkje om godkjenning av bestandsområde | Representant for bestandsområdet | |
Melde endringar i bestandsplanområde til kommunen | Representant for bestandsområdet | |
Søkje om godkjenning eller endring av bestandsplan | Representant for bestandsområdet eller valdansvarleg | |
15. juni | Godkjenning av vald og bestandsplanområde | Kommunen |
Sende ut fellingsløyve | Kommunen | |
14 dagar etter endt jakttid | Rapportere fellingsresultat til kommunen | Valdansvarleg |
Rapportere sett hjort til kommunen | Valdansvarleg/jaktleiar | |
30 dagar etter endt jakttid | Rapportere fellingsresultat og sett hjort i Hjorteviltregisteret | Kommunen |
Kontakt oss
Har du spørsmål om hjorteforvaltning, søknader eller rapportering?
Kontaktpeson:
Åse Meling Underhaug
Rådgjevar