Handlingsplan - Førebyggjing av radikalisme og valdeleg ekstremisme.

Saman med lokalt politi har kommunane Bømlo, Fitjar og Stord utarbeidd denne rettleiaren. Rettleiaren er meint til å gje kunnskap om korleis me kan førebyggje, oppdage, møte og følgje opp valdeleg ekstremisme. 

Den er særleg tiltenkt tilsette i offentlege tenester, private og offentlege arbeidsgjevarar, og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, men er også relevant for innbyggjarane elles. 

Målet med rettleiaren er at den skal vere eit oppslagsverk der ein kan tileigne seg kunnskap. 

Rettleiaren inneheld informasjon om omgrep, handlingsplanar, litteratur, kontaktpersonar og lenker til relevante nettstader. Du vil og finne tips om uroteikn, avklaring og mogelege tiltak. Rettleiaren skildrar og eit handlingsløp; «frå uro til handling». Rettleiaren er fyrste gong gitt ut i juni 2016