Målgruppe

Foreldre og andre omsorgspersonar for born mellom 10 månader og 6 år.

Gjennomføring

Kurset vert halde i foreldregrupper. Gjennom filmmateriale og refleksjonar rundt Tryggleikssirkelen, skal omsorgsgivar læra korleis dei kan støtte barnet sitt behov for beskyttelse og omsorg, og behovet for å utforske og meistre verda.

Kurset skal gi foreldre verktøy og trening i å tolke barnet sine signal, og hjelp til korleis dei kan møte barnet sine emosjonelle behov. Gjennom kurset vert foreldra invitert til å reflektere over eigen barndom, og korleis deira tidlegare omsorgserfaringar påverkar dei i foreldrerolla. Ved å auka slikt medvit og refleksjon, kan foreldre gjere medvitne val over kva verdiar og strategiar dei vil ta med seg i omsorga for sitt eige born. 

Kurset blir på tysdagar, kl 13.30-15.30 på Helsestasjonen. Kvar samling er på 90 min, over 8 veker. Det er ynskjeleg at begge foreldre deltek, og de ordner med pass for borna denne stunda.

Føremålet

Kurset vil gje foreldre/føresette eit betre utgangspunkt for å meistre foreldrerolla og stimulere til sunn utvikling og god psykisk helse hjå borna. Kunnskap og refleksjonar som foreldra tileignar seg gjennom kurset, vil vera relevante gjennom heile foreldreperioden. God støtte frå foreldre vil kunne styrkje born frå starten, og vera ein beskyttande faktor for born gjennom heile livet. Velkommen til kurs som er nyttig for alle. Ei god investering både for dei vaksne og barnet dykkar. 

Ynskjer du meir informasjon om kurset og Tryggleikssirkelen, finn du dette i filmar på nettsida  

https://www.folkOm.no/barn  og Circle of Security International -- Connection - YouTube

Kursrekkjer frå Januar/februar 2024 er ope for påmelding no

Har du spørsmål eller ynskjer å melde deg på, kontakt Familierettleiar Liv Kari Hatlevik Tverderøy på Fitjar helsestasjon.                                    

livtve@fitjar.kommune.no   

Tlf 90175238