Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
30. juni kl. 01:00

Kommunen har fått ny nettstad

Les mer clear
error_outline
16. juni kl. 01:00

For meir informasjon kring koronaviruset

Klikk her clear

Sunnhordland interkommunale barnevern

Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) er felles barnevernsteneste for kommunane Stord, Fitjar og Bømlo. 

Kva gjere barnevernet?

Barneverntenesta skal sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Tenesta skal også medverka til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Arbeidet i barneverntenesta er regulert av "Lov om barneverntjenester" i tillegg til rundskriv og retningsliner knytt til lova.

Når barn på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særlege behov, skal det iverksetjast tiltak for barnet og familien. Tiltaka skal ha barnet sitt beste som målsetjing.

Alle tiltak skal evaluerast med jamne mellomrom. Målet er at barnet skal veksa opp hos dei biologiske foreldra sine utan tiltak frå barneverntjenesten. 

Barnevernet skal driva førebyggjande samarbeid med andre tenester og frivillige organisasjonar.

Barnevernet set i verk undersøking etter bekymringsmelding frå til dømes foreldre, barnet sjølv, annan familie, helsestasjon, barnehage, skule, sjukehus, politi og NAV.

Er du uroa for eit barn?

I rettleiaren Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Fitjar  kommune (BTI) finn du korleis ein skal gå fram ved ulike situasjonar.

Gå inn her for å lese meir om korleis du kan gå fram. 

Trykk her viss du vil ha me skal ta kontakt med deg. 

Vald i nære relasjonar

Sakshandsaming

Lov om barneverntenester har følgjande fristar for sakshandsamingstid:

Avklaring av melding: 1 veke

  • Undersøking: 0 - 3 månader. I særlege tilfelle inntil 6 månader.​

Skjema

Foto: Pixabay

Foto:Pixabay

Kontaktinformasjon

Kontoret ligg under Stord kommune. Telefon: 53 49 66 00.

​Vakttelefon dagtid (måndag-fredag 08.00-14.00): 97 55 21 63 
Vakttelefon kveld/natt, helg og høgtider:  91 91 44 30

Einingsleiar: Jørund Tvedt
E-post: jorund.tvedt@stord.kommune.no

Besøksadresse:
Sunnhordland Interkommunale Barnevernteneste
Lønningsåsen 1 (SKE-bygget, 3.etasje)
5402 Stord

Postadresse:
Sunnhordland Interkommunale Barnevernteneste
Postboks 326
5402 Stord