Barnehageplass
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 04.06.2024 08:08:11 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Barnehageplass [description] =>Du har rett til barnehageplass frå august dersom barnet ditt fyller eitt år seinast 31. august det året du søkjer. Fyller barnet eitt år i september, oktober eller november det året du søkjer, har du rett til barnehageplass frå den månaden barnet fyller eitt år. Du må søkje før fristen for hovudopptaket er gått ut.
Barnehagen skal i samarbeid med heimen ta i vare barnet sitt behov for omsorg og leik. Han skal fremje læring og danning som gir grunnlag for allsidig utvikling.
Barnehagen skal ta omsyn til:
- Alder
- Funksjonsnivå
- Kjønn
- Sosial, etnisk og kulturell bakgrunn
Barn 0 til 6 år som bur i eller flyttar til kommunen.
[conditions] =>Retten til barnehageplass gjeld berre for barnehagar i kommunen der dere er busett.
Desse blir prioriterte ved opptak:
- Barn med nedsett funksjonsevne.
- Barn som barnevernstenesta har tatt over omsorga for.
- Barn som har behov for hjelpetiltak frå barnevernstenesta.
I tillegg kan barnehagane ha eigne opptakskriterium.
[partners] =>Helsestasjon
PPT
Barnevernet
[related] =>Kvart år fastset regjeringa ein maksimalpris, dvs. eit øvre tak for kor mykje du må betale for ein barnehageplass. Du får søskenmoderasjon for 2. og 3. eller fleire barn. Dette gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar og i barnehagar med forskjellige eigarar. For det andre barnet blir det gitt minimum 30% søskenmoderasjon, medan det tredje barnet (ev. fleire barn) får gratis barnehageplass. Du kan søkje om redusert foreldrebetaling dersom maksprisen for barnehageplass er høgare enn 6 % av samla skattepliktig person- og kapitalinntekt for hushaldet.
Familiar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphald i barnehage per veke, for 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skolestart. Ordninga følgjer barnehageåret, og gjeld frå hausten då barnet har tre år att til skolestart.
Barn som har rett på gratis kjernetid har også rett på reduksjon i foreldrebetalinga. Ved berekning av foreldrebetalinga for ein heiltidsplass, skal ein først rekne etter ordninga med redusert foreldrebetaling, deretter trekkje frå betalinga for 20 gratis opphaldstimar.
[legislation] =>Barnehagelova og forskriftene sikrar eit likeverdig opptak mellom kommunal og privat barnehage. Prioritet ved opptak har barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter barnevernslova §§ 5-1 og 3-4, og etter barnehagelova § 13, har prioritet ved opptak.
Forskrift om foreldrebetaling i barnehager
Forskrift om rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver
Forskrift om saksbehandling ved barnehageopptak
[guidance] =>Kommunen legg til rette for ein samordna opptaksprosess for å sikre likebehandling av barn og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass må fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer for.
Har barnet ditt rett til prioritet, må fråsegn frå sakkunnig instans leggjast ved søknaden.
[deadline] =>Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. mars kvart år.
[administrations] =>Tildeling av plass skjer i samsvar med dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ved det årlege hovudopptaket får du skriftleg varsel om, og i kva for ein barnehage, du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt førsteønskjet, har du rett til å bli sett på venteliste ved denne barnehagen.
Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret får søkjarar frå ventelista plass først. Tildeling skal skje skriftleg. Blant søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som blir informerte om at andre har fått tilbod om plassen.
[appeal] =>Ved hovudopptaket kan du klage på avslag på søknad om barnehageplass. Får du verken første- eller andreønskjet ditt oppfylt, kan du òg klage og be om ei skriftleg grunngiving. Ved supplerande opptak kan du berre klage dersom du har rett til prioritert plass. Klagefristen er normalt tre veker frå du tok imot svar på søknaden. Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet.
Er kommunen samd i at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønskte plassen, skal barnet få tilbod om første ledige plass etter at barn med høgare prioritet har fått tilbod om plass. Er kommunen usamd i klagen, går saka vidare til klagenemnda i kommunen.
Er du misnøgd med barnehagetilbodet, kan du ta dette opp med barnehagen. Blir ikkje synspunkta dine høyrde, kan du klage skriftleg til kommunen.
[other] =>Rammeplan for barnehage (Utdanningsdirektoratet)
[topics] => Barn, barnehage, barnehageplass, barnepass, etablering av barnehage, barnepark )Template: