Kommunal vigsel

Beskrivelse

Ein kommunal vigsel er inngåing av ekteskap utan medverknad frå eit trus- eller livssynssamfunn.

Ønskjer du kommunal vigsel, kan ordførar, varaordførar eller ein annan tilsett eller folkevald i kommunen stå for seremonien.

Målgruppe

Par som ønskjer å inngå ekteskap (både av same og motsett kjønn)

Vilkår

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg. Vilkåra går fram av kapittel 1 i ekteskapslova som m.a. seier:

  • Personar under 18 år kan ikkje gifte seg, heller ikkje med samtykke frå foreldre.
  • Ingen kan tvingast til ekteskap mot sin vilje.
  • Ekteskap kan ikkje inngåast mellom slektningar i rett opp- eller nedstigande linje eller mellom søsken.
  • Nytt ekteskap kan ikkje inngåast så lenge eit tidlegare ekteskap eller partnarskap består.

Partnarskap som er inngåtte tidlegare, kan gjerast om til ekteskap ved å sende søknad til Skatteetaten.

Lover
Veiledning

Send inn nødvendige papir til Skatteetaten i god tid før bryllaupet:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte, dersom du har vore gift tidlegare
  • Melding om endring av namn, dersom du skal byte namn

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Prøvingsattesten er gyldig i 4 månader.

Når de har fått prøvingsattesten, kan de bestille vigsel i kommunen. Gyldig legitimasjon må leggjast fram.

Søknadsfrist

Start prosessen i god tid før den planlagde datoen for seremonien, hugs at både Skatteetaten og kommunen har ei behandlingstid på 2–3 veker.

Saksbehandling

Kommunen gir tilbod om eit eigna lokale, og opplyser når dei kan tilby vigslar og kven som kan vere vigslar.

De må ha to vitne som må vere til stades under seremonien. Dette er gjerne forlovarane.

Under seremonien les vigslaren «Det borgarlege vigselsformularet». Seremonien kan tilpassast med eigenvald tekst og musikk utover dette. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Etter seremonien sender kommunen ei vigselsmelding til Skatteetaten som de også får ein kopi av. Vigselsmeldinga fungerer som midlertidig vigselsattest til de får den endelege attesten frå Skatteetaten.

Los-ord
Ekteskap, vigsel, giftemål, giftarmål, gifting, partnarskap, bryllaup, seremoni, ektestand, ektefelle, partnar, gifte seg, hjonelag, hjonskap, bryllaupsfest, borgarleg, ekteskapsinngåing, vigslar

DebugView   v2