Nabovarsel

Beskrivelse

Skal du utføre søknadspliktige byggetiltak blir det stilt krav til nabovarsling. Naboar og tverrbuar skal varslast før søknad om tiltak blir sendt til kommunen. Ein kan gi nabovarsel på tre måtar; enten ved e-post, personleg oppmøte eller ved rekommandert sending. Du vel sjølv kva for naboar og tverrbuar som skal varslast på kva for måte.

Naboeigedom er eigedom som har felles grense med tomta der byggetiltaket skal utførast.

Tverrbueigedom er eigedom der kun ein veg, ei gate, elv eller anna smal arealstripe ligg mellom.

Både eigarar av bebygde og ubebygde eigedommar skal varslast. Festar av nabo- og tverrbueigedom skal også varslast.

Kommunen kan gi informasjon om kven som blir rekna som naboar og tverrbuar til eigedommen.

Nabovarsling er gjennomført når:

  • ved e-postvarsling – nabo/tverrbu svarer at e-posten er tatt imot (det er ikkje nok med automatisk lesestadfesting)
  • ved personleg oppmøte – nabo/tverrbu kvitterer direkte på varselet og får ein kopi
  • ved rekommandert sending – Posten gir kvittering på at varselet er sendt rekommandert

Alle naboar og tverrbuar skal få høve til å komme med merknader før du sender søknad til kommunen. Slike merknader skal givast innan to veker etter at nabovarselet er gitt og dokumentasjonen i søknaden (situasjonsplan, teikningar osb.) er gjort tilgjengelege.

Søknad om tiltak må sendast kommunen innan eitt år etter at nabovarsel er gitt, viss ikkje må du gjennomføre nabovarsling på nytt.

Målgruppe
  • Privatpersonar som planlegg mindre tiltak på eigen eigedom
  • Ansvarleg søkjar (byggefirma), på vegner av den som planlegg tiltak
  • Naboar/tverrbuar (mottakarar av nabovarsel)
Vilkår

Du må sende nabovarsel uavhengig av om naboeigedommen er bebygd eller ikkje. Dersom det er registrert fleire eigarar, skal alle varslast.

For sameige, seksjonar eller fellesareal må du varsle styret, ved for eksempel styreleiar. Er det ikkje valt styre, må du varsle alle medeigarar.

Varslinga må vere gjennomført og naboar og tverrbuar må ha fått høve til å kommentere, før du kan sende søknaden til kommunen.

Lover

Plan- og bygningsloven § 21-3 (Nabovarsel)

Plan- og bygningslova § 21-7 (Tidsfristar med særskilte verknader)

Byggesaksforskriften (SAK10) § 5-2 (Varsel til naboer og gjenbuare)

Veiledning

Nabovarselet skal fyllast ut av deg eller av ansvarleg søkjar (på vegner av deg).

Nabovarsel skal gjere dekkande greie for tiltaket og innehalde plan- og bygningslova kap. 19, skal du opplyse om dette i varselet.

Når du sender søknaden, må du leggje ved dokumentasjon på at naboane er varsla og forklare korleis du har tatt omsyn til eventuelle merknader.

Saksbehandling

Kommunen vil behandle ev. merknader frå naboar og tverrbuar saman med behandling av søknaden. Kommunen kan krevje at du endrar planane for byggetiltaket for å imøtekomme protestar frå naboar eller tverrbuar.

Klage

Som nabo eller tverrbu kan du ikkje klage på at du får eit nabovarsel. Du kan likevel klage på den avgjerda kommunen tar i saka, enten det gjeld løyve eller avslag. Dersom du har sendt inn merknader til ei byggesak, vil du bli part i saka og få kopi av vedtaket kommunen fattar.

Er du nabo eller tverrbu til eigedom der det blir planlagt byggetiltak og du ikkje har fått nabovarsel, kan du kontakte kommunen.

Los-ord
Nabo, nabovarsel, nabovarsling, tiltakshavar, ansvarleg søkjar, byggesak, byggetiltak, varsel, varsling, påbygg, tilbygg, tverrbu

DebugView   v2