Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Velferdsklubben i Fitjar kommune

Torsdag 13. mars 2014 vart det halde stiftingsmøte for velferdsklubb i Fitjar kommune. Som tilsett i Fitjar kommune er du automatisk medlem av klubben. Medlemsskapet er gratis. Klubben skal drivast med tilskot frå Fitjar kommune, i tillegg til eigenandel ved arrangement.   Klubben sitt føremål er å fremja eit godt sosialt miljø mellom alle tilsette i Fitjar kommune ved å arrangera turar, festar, fritidsaktivitetar, kultur- og idrettsarrangement og liknande. Fint om du som medlem kan koma med framlegg til andre turar og aktivitetar. Meld desse inn til styret. Med så mange medlemmar vil det  vera mange ulike behov og interesser.

Klubben består av:
Leiar,  Jon Karsten Raunholm, skrivar Hildegunn Gloppen, rekneskapsførar Runar Øvrebø og revisor Atle Vestbøstad
Andre styremedlemar er Torill Stusvik Skumsnes, Birte Steinsland, Lillian Kongestøl Vik og Lisa Volden.

Vedtekter velferdsklubben

Sist oppdatert 25. februar 2020