Oppstart av anleggsarbeidet vert 2. desember, og anleggsperioden er forventa å vara inntil 2 månader. Entreprenør er Engevik & Tislevoll

Gamle Vestbøstadvegen vil i perioden vera stengd for all trafikk mellom nr. 9 og nedkøyringa til nr. 15 på vestsida. Vegen vil vera stengd også for fotgjengarar. Me vil opna for at fotgjengarar kan passera dersom me ser at dette vert mogleg utover i anleggsperioden.

Omkøyring vert via Fitjar sentrum. Dette vert skilta frå begge fylkesvegane.