I samband med oppgraderinga til 5G vart me informert om at det kunne oppstå kortvarige utfall eller tregheter på mobilnettet. Utfallet vart mykje meir omfattande og langvarig enn varsla. 

Det vart tidleg oppretta kontakt med Telia for å informera om alvorlegheita i utfallet, samt konsekvensane som dette gir. Fitjar kommune er i tett dialog og pådrivar for å få ei snarleg løysing. 

 

Status per. no:

Sektor i retning sentrum kom opp ca 20:10 i går kveld. Det gjenstår to sektorar som dei jobbar med eit mål om å få opp i dag. Me vil oppretthalda dialogen med Telia for å sikra at dekninga kjem opp att så snart som råd. 

Sjå bilete under for å få ei forståing av kva områder som er berørt no: