Foto:  Aase Nøttveit
Foto: Aase Nøttveit

Det kan gjevast tilskot for å legge til rette for hekking av dei truga fugleartane vipe, åkerrikse og storspove på fulldyrka og overflatedyrka areal. Tilskotet er meint å kompensere for meirarbeid knytt til tilrettelegging og tilpassing av drifta. Tilskotet gjeld eng, med høgst sats der slåtten må utsetjast lengst. Du kan lese meir om ordninga her.

Arealet det blir gitt tilskot for må vere stadfesta som hekkeområde av Statsforvaltaren, og skjøtsel på arealet skal vere i samsvar med skriftlege tilrådingar/føringar frå Statsforvaltaren per lokalitet per år.

NB! Dei som ønskjer å søke, må ta kontakt med Olav Overvoll, fmhooov@statsforvalteren.no hos Statsforvalteren så tidleg som mogleg etter at fuglane har byrja å etablere seg (før hekking/tidleg hekking).

Dette gjeld både kjende hekkeplassar der artane har hekka før, og eventuelle nye stader der ein trur at fuglane er i ferd med å etablere seg. Statsforvaltaren vil i samråd med grunneigar/brukar kome fram til kva areal som treng omsyn, og kva tiltak som er aktuelle. Tilrettelegginga må vere utført i samsvar med skriftleg avtale for at tiltaket skal kunne godkjennast for tilskot, og avtalen må fornyast for kvart år for å vere gyldig.  Det kan søkjast om tilskot for tiltak som er utført i søknadsåret.  I tillegg til regionalt miljøtilskot kan føretak som gjennomfører slike tiltak òg søke om tilskot frå Miljødirektoratet si tilskotsordning for Tilskot til truga artar. 

Aktuelle tilretteleggande tiltak er til dømes å:

  • Unngå gylling av reir ved å køyre utanom hekkeområdet, eller ved å dekke til reiret ei kort tid under gyllinga (til dømes med ei bøtte).
  • Unngå å trekke gjødselslange/tilførselslange over reir.
  • Utsetje førsteslåtten på eit avgrensa areal (til dømes ca. 1 dekar) rundt reirplassen. Det vil seie «førsteslått», på det avgrensa areal som er sett att, etter 15.juni for vipe, etter 15.juli for storspove og etter 1.august for åkerrikse.
  • Tilpasse køyremønster under slåtten slik at fuglane kan kome seg unna.

Kva areal det er aktuelt med tiltak på, tek utgangspunkt i påviste reir. For storspove vil reiret oftast liggje i eit beite, og tiltak kan då vere aktuelle på tilgrensande dyrka areal.

NB! Søkar må kunne dokumentere utført tilretteleggingstiltak med framvising av foto ved eventuell kontroll. Tilrettelegginga skal utførast i samsvar med dei tiltaka eigar/brukar og Statsforvaltaren har blitt einige om, og i samsvar med generelle skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for dei enkelte artane under.

Utlån av vipedisk:
Stord/Fitjar landbruks- og miljøkontor har bestilt 3 stk vipedisk for utlån. Desse kan nyttast til å beskytte reir ved bruk av gjødselslange/tilførselsslange