Sviing av lyng er naudsynt skjøtsel av kystlyngbeite

Det er knytt risko til brenning og det krevs at ein person er ansvarleg for tiltaket. Ansvarleg for sviing har ansvar for at sviinga er godt planlagt. Kva areal som skal brennast, kor starte sviinga og kor slokke. Sørgje for nok mannskap med rett utstyr. Ansvar for at brannflata er sløkt (ikkje røyk) før mørkets frambrot.

Søknad/avklaring med brannvesenet er ein del av naudsynt planlegging

Utfylt skjema med aktuelle vedlegg sender du til ditt brannvesen/kommune i god tid. Dersom véret tilseier at planlagt lyngbrenninga ikkje kan gjennomførast, til dømes mykje vind/tørke, må du melde frå om ny dato.

Ta kontakt med ditt brannvesen i Fitjar på tlf 917 66 066 den aktuelle dagen og meld frå.

Søknadsskjema finn du her PDF document ODT document

I tillegg skal det sendast info til Sør-Vest branndistrikt om utandørs brenning. 

I merknadsfeltet bør du skrive at det gjeld brenning av kystlynghei. Skjema finn du her.

NB! God kommunikasjon med brannvesenet er viktig!

 

Informasjon på fylkesmannen sine heimesider

Informasjon hjå fylkesmannen: "Skjøtselsråd for brenning av kystlynghei", finn du her