Johannes Sandvik – om livet som Hyttegründer i Kråko 

Kråko er eit sjøhytteområde på ei halvøy vest i Fitjar, som har vakse fram frå «ingenting» til ein moderne Fritids-destinasjon ved sjøen. I denne episoden fortel Johannes Sandvik om denne reisa, med både nedturar og oppturar. Du får og høyra om andre prosjekt som Johannes brenn for, og spennande ting som er på gong på Fitjar.

 

Karina Bunes - om Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter, Akvakulturnæringa og Maskoten Balder

I denne episoden blir du kjend med Karina Bunes som er visningsvert ved Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter. Du får høyra om korleis det er å være ein reiselivsdestinasjon i Sunnhordland, og korleis dei set Fitjar på kartet. Kanskje lærer du og noko nytt om akvakulturnæringa og historia til Engesund Fiskeoppdrett.

Hrafn «Rappi» Thorsteinsson – om vegen fra Island til Fitjar

Hrafn  «Rappi» Thorsteinsson fortel om korleis det var å flytta frå Island til Fitjar. Du får bli betre kjent med «Rappi» som er ein ekte Fitjar-patriot. Han er ein engasjert mann, både på jobb og fritid. Du får høyra om Fitjar Frivilligsentral, Fitjar Næringsråd, Fitjar mekaniske verksted og mykje meir.

Harald Johan Sandvik – om Motstandsmannen og Medmenneske Johannes Sandvik

Den 12. mai 1943 vart Anton Johannes Sandvik tatt til fange på Fitjar av tyske soldatar. Frå desember 1943 til slutten av mars 1945 var han fange i den tyske konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Harald Johan Sandvik, son til Anton Johannes, har laga bok om livet til faren. I denne episoden får du bli litt betre kjend med Harald Johan Sandvik, og historia til faren.

Fra omtale av boka: 

"Johannes Sandvik er spesielt kjend som aktiv i heimefronten under krigen. Han var med i kampane i Valdres i 1940, og seinare dreiv han med våpentransport i ytre Sunnhordland. Aller mest dramatisk var det då han gøymde ein sterkt ettersøkt mann og transporterte han og venene hans ut av fåresonen. Til slutt vart han sjølv teken av tyskarane."

Ole Bergesen - om Revy, Fitjar og Framtida

Ole Bergesen er kan hende den mest morosame mannen frå Fitjar. Etter 22 år som revysjef har han no lagt opp, men det betyr ikkje at han kjem til å slutta med revy og anna moro. I denne episoden får du bli betre kjend med Ole og hans historie. Du får og høyra om Fitjarrevyen, Fitjarbuen, Fergedirigenten og Framtidsplanar.